Lokal | 01. mars 2021

Bossbil køyrde utfor

Fylkesveg stengt grunna bilberging.

Bossbil køyrde utfor
Bossbilen køyrde i ein mur for å unngå kollisjon, fortel vitne på staden. (Foto: Tore Øvreeide)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. mars 2021 13:12

Klokka 14.03 måndag melder vegtrafikksentralen om midlertidig stenging av fylkesveg 579.

Årsaka er bilberging.

Vegen blir stengt ved Hegglandsdalen barneskule.

Politiet kjenner ikkje til at det har vore uhell på staden, dermed er det truleg heller ingen personskade.

OPPDATERT:

– Det er ein bossbil som har køyrd utfor og inn i ein mur. Han køyrde utfor for å unngå kollisjon med ein annan bil, opplyser Tore Øvreeide.

Uhellet skjedde nær avkøyringa til garden hans, Øvreeide Gard.

Vegen var i 15-tida framleis stengt.

Bilen står fast, men er i 1.25-tida på veg ut av grøfta. (Foto: Tore Øvreeide)
Bilen står fast, men er i 1.25-tida på veg ut av grøfta. (Foto: Tore Øvreeide)

Bilen er klokka 15.25 på veg ut av grøfta.

– Men det er lange køar på kvar side, så det kan gå litt tid før trafikken lausnar, seier Øvreeide.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.