Lokal | 24. feb. 2010

Stengt grunna taktrøbbel

Eit brak og nokre øydelagte skiljeveggar fekk Bohus til å stenga dørene og bestilla rydding av snø på tak.

Stengt grunna taktrøbbel
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. feb. 2010 19:33

Bildeserie:

1 av 5

Onsdag 24. februar blei den store takdagen i Os. Kommunen anbefalte sjekk og bestilling av snørydding på tak, Os vidaregåande skule sikra svalgangen sin, og i fleire bustadfelt i Os har naboar stått side om side og skuffa snø i høgda.

På Bohus har dei også moka snø i dag, men litt for seint.

- Klokka 13.40 ringte dei meg frå butikken. Dei hadde høyrt eit stort brak og fleire skiljeveggar i butikken var rett og slett knekt, seier logistikksjef hos Bohus på Os, Kjell Engelsen Moberg.

Bohus ringte byggmeisterfirma og forsikringsselskap. Kort tid seinare var butikken stengt.

- No har vi ti mann i arbeid med å rydda snø på taket, så får vi håpa på at vi kan opna butikken igjen i morgon, seier Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.