Lokal | 08. des. 2015

Stengt grunna vasslekkasje

Spruten sto ut av taket i kantina i natt. I dag er den nye ungdomsskulen på Nore Neset stengt.

Lekkasjen oppsto i skøyten på eit 28 mm røyr til varmtvatn. (Foto: KVB/Os brannvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. des. 2015 07:46

– Vi har måtta stenga vatnet og utan vatn blir det ingen skuledag i dag, seier inspektør Hilde Drange Veglo til Midtsiden.

– Avdelingane er ikkje øydelagt, så om skaden blir reparert i dag så blir nok skulen opna igjen i morgon.

Lekkasje i rør

Det var klokka 03.11 i natt at alarmen gjekk. Vaktmeister Leif Ivar Sunde blei kontakta av Os brannvesen klokka 03.30.

– Dei sa eg berre kunne legga meg igjen, men det var ikkje aktuelt, seier Sunde, som følgte med brannvesenet ut til skulen.

Då han kom brann hadde brannvesenet stengt hovudkranen, men det dryppa framleis frå taket.

– Det låg godt med vatn på golvet i kantina og innover mot kontora. No er rørleggar på veg, seier vaktmeisteren.

Nye Nore Neset ungdomsskule opna i august 2014, då med 329 elevar.

I dag har alle fri.

Lekkasje i røyr til varmtvatn

Då brannvesenet kom til staden var det vatn utover heile golvet i foajeen og kantina.

– 350 til 400 kvadratmeter var vått, fortel Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

Årsaka til at alarmen gjekk var at ein av branndetektorane hadde blitt våt. Lekkasjen var i skøyten på eit røyr for varmtvatn.

Brannvesenet stilte med fem mann og pumpe i 3,5 timar for å få golvet tørt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.