Lokal | 10. apr. 2014

Stengt på ubestemt tid

Club 29, utestaden som overtok etter Bar2Be, har ikkje skjenkeløyve. Det er heller ikkje søkt om nytt.

På innsida av døra til Club 29 heng nokre spørsmålsteikn. Kva som skjer med tidlegare Bar2Be er uvisst. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. apr. 2014 20:14

I juli i fjor stengte Bar2Be for å pussa opp, i desember opna ein ny nattklubb med namnet Club 29 i ombygd lokale.

No har nattklubben vore stengt i fleire veker og det ser ikkje ut til at den opnar igjen med det første.

Manglar skjenkeløyve

Det er selskapet Horeca Partner AS som driv Club 29. Dei dreiv vidare på tidlegare eigar sitt skjenkeløyve, noko dei kan gjera i inntil tre månadar.

Fredag 7. mars var denne perioden over. Os kommune orienterte i brev til eigar om dette første veka i mars.

– Det har ikkje kome inn ny søknad på skjenkeløyve heller.

– Om det er nokon som vil opna igjen i lokalet må dei inn med ny søknad, fortel leiar for bestillar- og forvaltarkontoret i Os kommune, Birgit Holsen.

Det er formannskapet som behandlar søknad om skjenkeløyve. Neste møte i formannskapet er 3. juni.

Søknad utan dokumentasjon

I brevet skriv kommunen at eigar orienterte om eigarskiftet 8. desember, og at dei månaden etter søkte om skjenkeløyve via internett.

Søknaden mangla noko dokumentasjon, noko Os kommune har etterspurd fleire gongar, men ikkje mottatt.

«Dersom du ved eit seinare høve ønskjer å søkja serverings- og skjenkeløyve til Club29, må du leggja inn ny søknad via Os kommune sine nettsider. Du må og senda dokumentasjon saman med søknaden enten som vedlegg til nettsøknaden eller pr. post. Ufullstendig søknad vert returnert ubehandla» står det i brevet.

Vil utestaden opna igjen?

Midtsiden har gjort fleire forsøk på å nå styreleiar i Horeca Partner AS, Rune Istad, utan hell.

Vi har heller ikkje fått kontakt med huseigar Tore Lehrmann.

På innsida av inngangsdøra heng det nokre ark med utskrift av nokre spørsmålsteikn.

facebooksida er siste melding frå Club 29 frå 14. februar. Der står det:

«Vi beklager å måtte fortelle at CLUB 29 dessverre er stengt denne helgen pga. omstendigheter utenfor vår kontroll, og håper dere finner andre alternativer for å kose dere!»


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.