Sport | 02. juni 2017

Sterk 5. plass av Skaten

Geir S. Skaten med ein sterk 5. plass i Bergen Fjellmaraton. Fleire osingar gjorde god figur.

Sterk 5. plass av Skaten
Geir S. Skaten (her under Linken Opptur) sprang inn til ein sterk 5. plass (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 02. juni 2017 13:34

Bergen fjellmaraton blei arrangert for fjerde gang torsdag 1. juni. Løpet er ein halvmaraton over Vidden med start på Montana og mål på Skansemyren.

Fleire løparar frå Os stilte på startsstreken, både i turklassa og i konkurranseklassa. Totalt starta vel 1400 løparar i dei to klassane.

Raskast av osingane var Geir S. Skaten, som førre helg vann første utgave av Ulvenvatnet Rundt. Med tida 1.44.55.0 sprang Skaten, som i år spring for Gular, inn til ein sterk 5. plass, og 2. plass i klassa for menn 40-49 år. Vann gjorde Stian Øvregaard Aarvik på 1.35.29.6.

Klas Færøvik frå Opptur Motbakkeklubb spring i same klasse som Skaten og sprang inn til ein 7. plass med 1.56.19.5.

Sølv til Vaktskjold

Ein anna som også tok 2. plass i klassa si var unge Erik Vaktskjold frå Opptur Motbakkeklubb. Vaktskjold sprang dei 21 kilometrane på 1.55.18.3. I same klassa tok klubbkamerat Andreas Skulstad Størkson den sure fjerdeplassen med tida 2.06.00.4.

Fleire Os-resultat

I herrer, konkurranseklassa, har vi funne følgjande osingar som deltok i løpet.

5. Geir Skaten, Gular, 1.44.55.0
30. Erik Vaktskjold, Opptur Motbakkeklubb, 1.55.18.3
32. Klas Færøvik, Opptur Motbakkeklubb, 1.56.19.5
54. Andreas Bjørnen, Os, 2.01.44.5
64. Steven Hatley, Os Motbakkeklubb, 2.02.29.7
87. Andreas Skulstad Størkson, Opptur Motbakkeklubb, 2.06.00.4
102. Stein Kjetil Hefte, Ospptur Motbakkeklubb, 2.08.39.4
110. William Lindborg, Eikelandsosen, 2.09.35.7
175. Trond-Ove Wik, Opptur Motbakkeklubb, 2.18.03.0
213. Stig Sivertsen, Opptur Motbakkeklubb, 2.22.26.6
265. Knut Hanken, Opptur, 2.25.15.5
272. Børge Brekke, Opptur Motbakkeklubb, 2.27.42.3
305. Trond Blomberg, Statoil, 2.33.14.7
312. Erik Werner, Opptur Motbakkeklubb, 2.33.40.7
335. Halvor Hagland, Opptur Motbakkeklubb, 2.37.11.9
361. Tore Sælen, Opptur Motbakkeklubb, 2.40.00.2
389. Ingve Bergheim, Lysefjorden Løperteam, 2.44.13.5
399. Jan Egil Deinboll, Opptur Motbakkeklubb, 2.45.57.5
417. Erik Eide Hansen, Opptur Motbakkeklubb, 2.50.09.6
430. Kjetil Leikvoll Eide, Søfteland, 2.53.52.9
466. Espen Hjertaas, Opptur Motbakkeklubb, 3.11.42.5
476. Simon Noel, Os, 3.20.29.5

I kvinneklassa deltok desse frå Os

30. Karin Hilstad, Opptur Motbakkeklubb, 2.24.34.9
31. Kjersti Tyselyssand, Hagavik, 2.25.14.7
52. Linda Fimreite Jensen, Opptur, 2.35.52.0
62. Britt Skjeie, Opptur Motbakkeklubb, 2.40.20.6
67. Hege Sande, Opptur Motbakkeklubb, 2.42.47.1
95. Svanhild Vestbø, Opptur Motbakkeklubb, 2.55.36.5
96. Maria Steien, Opptur Motbakkeklubb, 2.55.42.6
113. Trude Fjæreide, Nordstrøno, 3.19.52.2

Har vi gløymt eller oversett nokon så send oss gjerne ei melding på tips@midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.