Sport | 27. sep. 2009

Sterk heimesiger

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. sep. 2009 20:05

Kampfakta:
Os - BHK 28 - 27 (15 - 16)
Utv: Os 3 x 2 min, BHK 2 x 2 min

Herrelaget til Os har fått ein god start på sesongen i 3. divisjon. Første kamp enda med poengdeling og i dag leverte spesielt unggutane Stian Hjertholm, Joakim Blostrupmoen og Fredrik Andresen ein kjempekamp.

- Vi låg under med fem mål ei stund, men låg berre eitt mål bak til pause. I andre omgang drog vi frå, men gjestane tok innpå igjen mot slutten. Dramaet enda heldigvis med eittmålssiger, seier Leif Idar Røen til Midtsiden.no.

Os sitt lag (mål i parentes):
Einar Godø, Sindre Lom, Øystein Skarding (debutant 16 år), Ove Lyssand (2), Jørgen Wold (2), Øystein Vindenes (2), Kristian Bruarøy (2), Charles Withley, Kenneth Hausberg (2), Erik Vågen (1), Fredrik Andresen (5), Stian Hjertholm (8), Joakim Blostrupmoen (4), Simen Waage.
Lagleiarar: Leif Idar Røen og Andris Hamre

Os spelar også neste kamp på heimebane, mot Eid 18. oktober (kl 11.30). Eid har tapt begge sine første kampar.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.