Sport | 10. apr. 2019

Sterk serieopning i ny divisjon

Os/Nore Neset leia tre gongar over opprykksfavoritt Loddefjord.

Sterk serieopning i ny divisjon
Andrine Kvittingen sørgja for 2-1 før pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. apr. 2019 09:41

Bildeserie:

Godt publikum i serieopninga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Godt publikum i serieopninga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os leia, men så utlikna Loddefjord til 1-1. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os leia, men så utlikna Loddefjord til 1-1. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andrine B. Kvitingen åleine med keeper. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andrine B. Kvitingen åleine med keeper. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
2-1 til Os! (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
2-1 til Os! (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vy Nguyen passerte 20 mål i opprykkssesongen i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vy Nguyen passerte 20 mål i opprykkssesongen i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Midtstoppar og veteran Linda Johansen heada inn 1-0 på corner. (Foto: KVB)
Midtstoppar og veteran Linda Johansen heada inn 1-0 på corner. (Foto: KVB)
Fjorårets toppskårar, Vilde D. Veglo, jobba knallhardt i den tøffe kampen mot Loddefjord. (Foto: KVB)
Fjorårets toppskårar, Vilde D. Veglo, jobba knallhardt i den tøffe kampen mot Loddefjord. (Foto: KVB)
1 av 7

Damelaget til Os, som rykte opp frå 4. til 3. divisjon i haust, starta tysdag kveld serien med heimekamp mot Loddefjord.

Loddefjord landa på 6. plass, fem poeng frå 3. plass, i 3. divisjon 2018 (tabell frå i fjor, fotball.no). I vinter har dei styrka stallen sin, og blir sett på som favoritt i avdelinga Os er nykomar i.

Likevel leia Os tre gongar og fekk med seg eitt poeng.

Os/Nore Neset - Loddefjord 3-3 (2-1)
Målskårarar, Os: Linda Johansen og Andrine Brunvatne Kvittingen 2.
Os (heile troppen): Anne Noss Nordvik (keeper), Ingeborg Hernes Leonsen, Thale Strønen Skeie, Marita Haugland Arentzen, Malin Solstrand Ludvigsen, Vy Mai Nguyen, Tuva Søreide Solberg, Charlotte Balland, Vilde Drange Veglo, Elise Solberg Rozeboom, Kristine Farestvedt Aasheim, Mathilde Helland Lassen, Celina Eide Døsen, Andrine Brunvatne Kvittingen, Amanda Langhelle Troøyen og Tonje Stamnes Lindbom.
Terminliste og tabell

– Loddefjord har styrka stallen med ti nye spelarar i vinter. Vi rekna med at vi ville møta god motstand, men eg synest jentene både var lojale mot strategien vi la opp til, og at dei la ned ein formidabel arbeidsinnsats, seier Os-trenar Stian Kvåle.

Midtsiden såg mesteparten av førsteomgangen, ein omgang med høgt tempo, og med spesielt stor arbeidsinnsats av Vilde Drange Veglo. Med litt meir samtidig press av lagvenninnene kunne denne innsatsen blitt endå meir verdt.

– Eg er nøgd med mykje, men både eg og jentene synest naturlegvis det er surt å mista sigeren tre minutt før slutt. Loddefjord var gode nok til å ta poeng, men vi kjempa hardt og skapte mykje, og kunne fint tatt full pott, synest Os-trenaren.

God rekruttering og éin ny spelar

I vinter har Os spelt treningskampar mot blant anna lag som rykte ned frå 3. divisjon i haust. I alt har det blitt fem kampar, der Os har vunne alle, med unntak av mot Stord, som rykte opp til 2. divisjon i fjor.

Éin ny spelar har kome til, backen Kristine Farestvedt Aasheim frå Fana. Elles er det god rekruttering frå eigne rekker.

Os spelte med fem 15-16-åringar frå start, jenter frå den sterke 2003-årgangen til Nore Neset/Os.

– Det gror godt også bak denne årgangen, det ligg an til å bli ei spennande framtid for damefotballen i bygda, meiner Kvåle.

Årets mest framgangsrike mister vårsesongen

Til kampen i går var tre spelarar ute; Agathe Lekven fekk brot i kragebeinet i førre veke, i Adidas Cup-kamp for J17.

Nore Neset/Os J17 har vunne 7-0 over Fana og 3-2 over Sotra i dei første kampane i uoffisielt NM for jenter 17.

Mens Agathe, som blei kåra til mest framgangsrike spelar på Os Fotball sin store galla før jul, blir ute heile vårsesongen, er Michelle Beracis Hansen klar i neste runde.

Då skal òg Andrine Døsen vera speleklar. Andrine kom heim til Os på lån frå Fana i fjor, men overgangspapirene til årets sesong skal ha blitt liggande litt for lenge hos Fana, og ho blei ikkje klar til serieopninga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.