Sport | 24. okt. 2018

Sterk sesongstart for rekordstor tropp

Os Svømmeklubb tok 25 medaljar på Stord Swim Cup.

Sterk sesongstart for rekordstor tropp
Os stilte med rekordmange 19 svømmarar på Stord Swim Cup. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. okt. 2018 08:22

Os Svømmeklubb er i gang med sesongen, og deltok i helga på sitt andre stemne etter sommarferien; Stord Swim Cup med 450 deltakarar frå Hordaland og Rogaland.

– Tradisjonsrike Stord Swim Cup har både ein rekruttdel for dei yngste, utan dommarar (ingen kan bli diska), og konkurranse i årsklassane. Vi har deltatt på dette stemnet i mange år, og med overnatting og tacokveld om laurdagen er det eit sosialt og kjekt stemne å delta i, synest trenar Thomas Harlem.

– For dei eldste svømmarane var dette siste sjanse til å kvalifisera seg til Nordsjø-stemnet, eit internasjonalt stemne i Kristiansand første helga i november.

8 deltakarar tok til saman 25 medaljar!

Os stilte med rekordmange 19 deltakarar. Mange av desse er unge, og deltok i rekruttklassen, mens andre kjempa om god plassering.

Etter det trenaren skildrar som ein svært god treningsperiode i haust var det ingen tvil om at svømmarane frå Os var i form.

Emil Austevoll Harlem (fødd i 2005) vann slo til med siger i 6 av 6 øvingar han deltok i, og oppnådde tider som plasserer han høgt på den nasjonale rankinga. Janne Holm (2004) vann to gull og tre bronse, og kvalifiserte seg også til senior-finalen på 50 meter fri, der ho til slutt blei nummer 4.

Emma Skarstein Kjetland (2004) fekk eitt gull, to sølv og ein bronse, Sondre Førde Valle (2006) fekk gull, to sølv og ein bronse, Tracey Holm (2004) vann gull og sølv, Even Haarstad (2004) vann sølv og bronse, Hedda Bastiansen Kvittingen (2004) og Sindre Haarstad (2006) vann kvar sin bronse.

– Det er gledeleg å sjå at dei får igjen for den gode treningsinnsatsen. Dei er veldig flinke på det tekniske, og det får dei betalt for. I vår hadde vi eit spesielt fokus på start og vending, noko svømmarane no ser resultat av, seier Harlem.

Fem frå Os kvalifiserte seg til Nordsjø

Utøvarane er no heime igjen i Os og Osbadet, nokre av dei for å førebu seg på hard, internasjonal konkurranse.

– Det er berre knappe to veker til Nordsjø-stemnet, og her skal dei få bryna seg på motstand frå både dei som ligg i noregstoppen og fleire sterke utanlandske deltakarar.

Det er harde kvalifiseringskrav, men Os Svømmeklubb har heile fem kvalifiserte; Emil Austevoll Harlem, Emma Skarstein Kjetland, Janne Holm, Tracey Holm og Even Haarstad.

– Vi synest sjølvsagt at det er flott at så mange har kvalifisert seg, og er spente på å sjå korleis dei klarer seg i så tøff konkurranse.

Rekordstor tropp frå Os

Os stilte med i alt 19 deltakarar på Stord, som er ny rekord for klubben.

– Rekrutteringa har aldri vore så god som no, på desse 11 åra etter at klubben blei starta.

– Vi synest det er veldig kjekt at vi hadde så mange yngre svømmarar med oss til Stord. Alle viste kjempefin innsats og god teknisk svømming. Alle viste meistring, alle hadde det gøy, og ungdomane og ungane er veldig flinke til å støtta kvarandre.

Desse deltok frå Os:
Ada Elena Wikestad
Alexander Nordbeck
Eline Søviknes
Emma Skarstein Kjetland
Emil Austevoll Harlem
Emilie Morken
Even Derit Haarstad
Hedda Bastiansen Kvittingen
Isak Milazzo
Jakob Austevoll Harlem
Janne Marie Holm
Maren Hansen Eidhammer
Noa Milazzo
Nora Hanken
Sanne Førde Valle
Sindre Derit Haarstad
Sondre Førde Valle
Tias Færø
Torbjørn Ha
Tracey Malene Holm
Ulrik Johan Lunde

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.