Sport | 25. juli 2017

Sterk sisterunde gav opprykk

Bjørnefjorden Golfklubb er tilbake i eliten etter tre sesonger i 1. divisjon. Laget banka alle den siste dagen etter å ha lagt på 4. plass.

Sterk sisterunde gav opprykk
Anders Gradal, Anders Engelsen, Alexander Heggland, Magnus Engevik, John Arntzen og kaptein Gjermund Engelsen var laget til Bjørnefjorden Golfklubb (privat foto)
Andris Hamretirsdag 25. juli 2017 13:51

Herrelaget til Bjørnefjorden Golfklubb spelte i helga Lag-NM på Sola golfklubb sin bane. Bjørnefjorden-herrane viste seg som det sterkaste laget søndag og sikra opprykket med ein sterk 2. plass bak suverene Losby Golfklubb.

– Vi visste at Losby kom til å vinna. Dei stilte eit svært godt lag. Kampen sto tilslutt mellom oss og vertsklubben Sola. Vi reiste ned dit med eit mål om å bli topp fire, men visste at bonusen med eit opprykk var innan rekkevidde, fortel kaptein Gjermund Engelsen.

For Bjørnefjorden spelte Anders Engelsen, Alexander Heggland, Magnus Engevik, Anders Grasdal og John Arntzen.

Beste lag på singelrundane

Turneringen gjekk over tre dagar, kor ein speler foursome og fourball (to og to spelarar på lag, journ.mrk) dei to første dagane.

– Då låg vi nede på fjerde plass, bak Losby, Sola og Norsjø. På singelrundene viste Anders Grasdal, Magnus Engevik, Aleksander Heggland og Anders Engelsen strålande spel. Med 86, 72, 71 og 71 på runden endte vi to under par, som det einaste laget som spelte under par, fortel Engelsen. Sola golfbane er ei par 72-bane. I singelspelet tel dei tre beste resultata til laget.

Gode tilhøve

Speleforholda under helgas turnering var av dei betre.

– Dei var kjempebra. Banen var fantastisk god og Sola som arrangør gjode ein kjempejobb. Det var triveleg å bli tatt mot på den måten som vi blei der nede.

Har nivået inne

Kapteinen er overbevist om at spelarane har nivået inne til å helde seg i eliteserien.

– No er det tre år sidan sist vi var i eliten. Gutane har den kvaliteten som skal til for å halde seg der. Det er tøffere å rykke opp, enn å halde seg.

– Dei har gjort jobben på treningsfeltet, så det er det som no skal til. Vi må få til gode, systematiske treningar for å oppretthalde nivået. Klubben har no spelarar som har lyst til å spele og prestere på høgt nivå.

Gler seg til å møte dei beste

Engelsen håper han også neste år får lov til å vera med som kaptein.

– Eg gler meg allereie som ein hund til neste år om eg får lov å vera med. Det finst ikkje noko som er artigare enn å spele med og mot dei beste i Noreg, avsluttar Engelsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.