Sport | 06. apr. 2019

Sterk treningskamp av Os

Slo 2. divisjonslaget Sotra på bortebane.

Sterk treningskamp av Os
Mats Cato, her mot Fana i NM-kvalik, klinte til med to mål i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. apr. 2019 17:26

Etter 0-1-tap i NM-kvalik mot Fana spelte Os i dag sin siste treningskamp før seriestarten om ei veke.

Kampen gjekk på bortebane mot Sotra, som rykte opp frå 3. divisjon i haust. Os rykte som kjent òg opp i haust, men frå 4. til 3. divisjon.

– Det var ei solid gjennomføring for vår del, synest Os-trenar Endre Brenne.

Sotra - Os 2-3 (1-2)
Målskårarar, Os: Mats Cato Moldskred 2 og Roger Ekeland

Os: Chris Midtun - Anders Havsgård, Carlos Mendes, Alexander Dale, Vegard Skeie - Rune Mo - Steffen Kvamsdal, Jonas Hovland - Fabian Bødtker, Mats Cato Moldskred og Roger Ekeland.

Innbytarar med speletid: Kasper Færøvik (keeper), Frode Storebø, Alexander Tøssebro, Henrik Sperrevik, Tobias Nøss og Simon Søvik.

Os gjekk i føringa, me vertane utlikna før pause. Så gjekk Os opp i 1-3 før Sotra fekk seg eit mål mot slutten.

– Vi hang godt saman som lag, Roger og Mats kombinerte fint saman på topp, og vi lykkast med mykje av det vi øver på, synest Brenne.

Seriestart går heime mot Stord laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.