Det blei ei sterk premiere på Os barne- og ungdomsteater si framsyning «Forandring frydar» (foto: Andris Hamre)
Det blei ei sterk premiere på Os barne- og ungdomsteater si framsyning «Forandring frydar» (foto: Andris Hamre)

Sterkt, aktuelt og rørande

Publikum rørt til tårer av Os barne- og ungdomsteater: Alle ungdomsforeldre burde sett stykket, som no skal vidare til DNS.

Andris Hamre
10. mars 2015 - 9:27

Teatergruppa Os barne- og ungdomsteater blei starta våren 2014 av Frøydis Flotve og dottera Veronika Flotve Røssland. Måndag hadde gruppa si første premiere då dei sette opp det svært aktuelle stykket «Forandring frydar» på hovudscenen i Oseana.

Laurdag 21. mars blir det spelt på Den Nationale Scene.

Med elleve jenter i 13-14-årsalderen på scenen blei det eit møte med dei tankane, utfordringane og draumane unge jenter kan ha i overgangen frå skule til «det verkelege livet». Kvifor har du oppført deg som du har gjennom skulengangen, kvifor har ting blitt som dei har blitt, kva draumar har du og korleis blei vaksenlivet.

Den flinke, den lesbiske og «madrassa»

Sju sterke karakterar med sine historiar, draumar og kva dei er redd for, møtte publikum i salen. Fleire felte ei tåre av dei ærlege, usminka historiane. 

Alle har sider ved seg sjølv som dei ikkje fortel til andre.

I «Forandring fryder» møter vi blant anna ho skuleflinke, ho lesbiske, ho som har ei mor med psykiske problem og ho som blir kalla «madrassa». Vi får høyra kva andre synest om dei, kva læraren melder tilbake til heimen - og korleis dei sjølv set ord på kvifor dei er den dei er.

Med si sterke røst og enkle scenografi burde denne historia vore obligatorisk for foreldre og elevar i ungdomsskulen og på vidaregåande skule.

Har vore utfordrande

Stykket er eitt av sju stykker frå prosjektet "Den Unge Scenen" (DUS) - kor teatergrupper over heile landet har kunne velgja eit stykke dei vil dramatisere og kor ein går til ei regional finale. Vinnaren i den regionale finalen går vidare til ein nasjonal festival på Det Norske Teateret i mai.

– Det er Veronica som har hatt regien og som valde «Forandring fryder».

– Det har vore utfordrande, for det er eigentleg skrive for litt eldre skodespelarar enn vi har med oss, men vi har snakka oss gjennom det, diskutert innhaldet og kva ord og uttrykk tyder, fortel Frøydis Flotve.

Einaste på DNS

Os barne- og ungdomsteater er den einaste gruppa som har vald dette stykket til festivalen på Den Nationale Scene i Bergen 21. mars.

– Eg er alt anna enn eit konkurransemenneske, men det er klart det skal bli spennande å stå på scenen i Teaterkjelleren på DNS og konkurrera med fem andre grupper.

– Kven som går vidare har nok også litt med at dei vil ha eit samansatt utval på den nasjonale festivalen i Oslo, forklarer Flotve.

Forandring fryder
Manus: Sunniva Lovise Harboe, Regi: Veronika Flotve Røssland
Skodespelarar: Natasja Smørholm, Una Berntsen Seland, Mari Fosså Bunæs, Lilly-Mae Grønvigh, Elida Sofie Haugen Kordts, Mira Færøy, Thea Mathilde Moberg Haugland, Josefine Lunde Hansen Bø, Marie F. Steinum, Amalie Haga Gaasand, Emilie Askvik Tøsdal. 

Les meir om

Kultur Oseana