Stian vann Osløpet

Trass regntung start på dagen blei det over 250 deltakarar i Osløpet 2018.

Stian Bråten Johannessen var raskast av alle på Osløpet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. aug. 2018 15:15

Bildeserie:

Cecilie Hagen var raskaste kvinne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Barneløpet 3-6 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jonas Øvredal Erdal spratt først over målstreken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Barneløpet 7-9 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Barneløpet 10-12 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Stafett, første etappe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Første veksling. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Pallen, mix stafett. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Starten på 6,5 km. 54 deltakarar stilte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Stian B. Johannessen åleine inn smo førstemann. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Cecilie Hagen var raskaste kvinne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Barneløpet 3-6 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 10

Osløpet, som starta opp igjen i fjor, fekk ein våt start i år. Det hindra ikkje deltakarmengda i nesten å tangera 2017.

– Vi gjekk litt ned på mengde deltakarar i barneklassen og på hovudløpet, men auka frå 12 til 15 stafettlag, fortel Svein Hausberg frå Os Turn friidrett.

Deltakarar per klasse (2017 i parantes)
• Barneløpet 126 (140 i fjor)
• Stafett 15 lag a 5 løparar: 75 (60)
• Hovudløpet 6,5 km: 54 deltakarar (66)
Totalt blei det 255 deltakarar mot 266 i finvêret i fjor.

Barneløpet var delt i tre startar, 3-6 år (48 deltakarar, 7-9 år (45) og 10-12 år (33).

I stafett mix (11 lag) var det to lag frå arrangørklubben som stakk av med 1. og 3. plass, mens Nore Neset ungdomsskule fekk 2. plass.

Her hadde lærarar frå Nore Neset barneskule utfordra dei andre skulane i Os, noko som var med på å dra opp deltakarmengda. Nore Neset barneskule kom på 4. plass.

I stafett herre (2 lag) vann FanaAgro, men eit gutelag frå Os Turn, Team Fortnite, tok 2. plassen.

Stian og Cecilie vann hovudløpet

Stian Bråten Johannessen stakk av med sigeren i Osløpet 2018.

– Det er nok rundt 30 sekund bak løyperekorden Geir S. Skaten sette i fjor, men det raskaste eg har løpt på, seier Stian til Midtsiden.

Raskaste kvinne var Cecilie Hagen. Ho kom på 2. plass i fjor, i år skjerpa ho tida si med 50 sekund og kom i mål på 29 blank.

– I fjor hadde eg akkurat starta treninga igjen etter tre månadar utan, så no er formen tilbake til normalen. Men eg får nok tøffare konkurranse neste år, då reknar eg med vinnaren frå i fjor, som no er gravid, er tilbake igjen på deltakarlista.

• Komplett resultatliste på eqtiming.no

Midtsiden kjem tilbake med fleire bilde om meir om dei ulike klassane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.