Stifta felles reiselivslag for bjørnafjordsregionen
Representantar frå fire kommunar var samla i Os i dag.

Os Travel og Os kommune har dei siste åra tatt initiativ til fleire samlingar turistaktørar imellom, både lokalt her i Os, mens Terje Søviknes framleis var ordførar, og i full breidde rundt fjorden, seinast med eit møte i Oseana i mars i år.
– Vi ligg som eit svart hol mellom Bergen og Hardanger. Det treng ikkje vera sånn, regionen har mykje fint å by på, seier Hans Parnefält frå Os Travel.
I dag var det neste steg, stifting av ein felles reiselivsorganisasjon for dei involverte kommunane; Os, Fusa, Samnanger og Tysnes.
Førebels landa dei involverte på å kalla organisasjonen for VisitBjørnafjord.
Det første styret i VisitBjørnafjord består av:
Daniel Skotheim (Os kommune), Hans Parnefält (Os Travel), Gøril Nordtvedt (bur i Os, men styrer via Fortidsminneofreningen Holdhus kyrkje i Fusa), Ove Henning Bjørsvik (Samnanger, har blant anna ein landhandel på Tysse og NAF på Kvamskogen) og Patrick Russel Madsen (Tysnes, Mandelhuset).
– Kva namn vi skal ta, og korleis organisasjonen skal jobba med å synleggjera og marknadsføra alle dei gode tilboda og attraksjonane i regionen, er tema for første styremøte, seier næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim.
Medlemmane skal eiga organisasjonen, der også kommunane kan vera medlem og aktiv aktør.
Gode initiativ frå Bergen
Også Bergen Reiselivslag var representert under stiftinga. Dei fortalde blant anna om korleis VisitBergen marknadsfører områda rundt byen.
– Dette kartet er i trykken no. Her kan Os og resten av Bjørnafjorden òg vera med, for eksempel frå 2019, om dei ønskjer, seier prosjektleiar Frode Nergaard Fjeldstad i Region Bergen.
I faldaren «Coast - explore the coast and fjords in the Bergen region» er gode reiseruter, overnattingsstadar og restaurantar i blant anna Øygarden, Nordhordland og Osterøy merkte av og skildra.
– Vi har mykje å læra av Bergen og kan tena mykje på å knyta oss til dei større organisasjonane i regionen, spesielt når det kjem til internasjonale gjestar. Men vi kan òg bli betre på å visa kva vi har til dei mange som er turistar i eige heimland, også dei som tar turen frå nabokommunane, seier Skotheim.
– Eg synest Linda Andersen frå Er-An Veikro sa det godt på møtet i Oseana i mars; «vi må ikkje berre tenkja koffert». Mange tar seg ein dagstur om søndagen. Dei treng òg informasjon.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.