Still got the blues
Osøren Blues og Jazzfestival er i gong for 14 år på rad. Dårlig vêr hindra ikkje osingar og tilreisande i å koma på konsertar.
Festivalen har i år satsa på ein litt lågare profil, men ikkje på artistane.
Det blir konsertar både av lokale band og av tilresiande artistar frå blant anna USA og Canada.
Variert program
Blant artistane finn vi blant anna Orbo and the Longshots, Tone Lise Mjånes, Theresa James (USA), JW Jones (Kanada) og Billy Gibson (USA).
- Vi har eit veldig variert og godt program i år, og så langt har responsen vore overveldande, seier festivalsjef Tore Lekve.
- Eg må få skryta av bestillingsverket laga av Magne Lunde og Bjørn Moe, det var heilt fantastisk.
(Midtsiden kjem tilbake med meir om bestillingsverket i eiga sak).
Rockabillies på Peppes
Festivalen tjuvstarta torsdag då dei inviterte til oppladning til festivalen.
- Vi hadde jam på Peppes i går i strålande solskin, det var utruleg bra, fortel Lekve.
I løpet av natta snudde vêrgudane og festivalsjefen innrømmer at han vart litt bekymra då han vakna av ei kraftig regnskur.
- Det var litt glissent her då klokka slo fem i dag og vi skulle setja i gong, men fem minutt seinare byjra osingane å strøyma på.
I 20-tida var lokalet heilt fullt, både inne og ute.
Eric "Slim" Zahl & the South West Swingers underholdt publikum med sin 50-tal inspirerte bluesmusikk med innslag av rockabilly.
Washamba i Oseana
Det var ikkje berre på Peppes det swinga fredag.
Frå Bergen reiste MS Midthordland fullasta til Os medan JW Jones spelte.
I Oseana blir det også halde konsertar denne helga og først ut var Washamba med osingen Bjørn Blomberg i spissen.
Dei rundt 150 publikummarane kunne testa rytmefoten til dei Afrika- og Cuba-inspirerte rytmane, og fleire gjorde nettopp det.
- Dette er utruleg kjekt, sa ei begeistra kvinne blant publikum.
Gler seg til morgondagen
Festivalen sin første dag har vore ein suksess.
- Det er laurdagen det plar koma mest folk, så med ei så god oppslutning i dag gler eg meg til i morgon, avsluttar ein nøgd festivalsjef.