F.v.: Jan Rune Sund (trenar), Joakim Bertelsen, Frank Sebastian Sperrevik, Synne Brunvoll, Øystein Flint og Roger Slettstrand. (Privat foto)
F.v.: Jan Rune Sund (trenar), Joakim Bertelsen, Frank Sebastian Sperrevik, Synne Brunvoll, Øystein Flint og Roger Slettstrand. (Privat foto)

Stilte i sin første konkurranse - tok 1. plass!

Os Taekwondoklubb tok fem medaljar i vestlandsmeisterskapen. Fleire av utøvarane tok gull i debuten.

Kjetil Vasby Bruarøy
26. september 2016 - 14:00

Os Taekwondoklubb har 110 medlemmar fordelt på tre parti, barn, ungdom og vaksne.

– Rekrutteringa har vore veldig bra den siste tida, spesielt blant dei yngste, men vi har òg fleire vaksne som er veldig aktive, fortel trenar Jan Rune Sund.

Den siste tida har klubben hatt meir fokus på konkurranse, spesielt sidan NM i år blir arrangert i Bergen.

– Helga 5. og 6. november satsar vi på å stilla sterkt i Haukelandshallen. Dette blei ei god oppkøyring og resultata er vi veldig nøgde med.

Tre førsteplassar og to tredjeplassar

Os stilte med fem utøvarar og tok fem medaljar i årets vestlandsmeisterskap i ITF taekwon-do, som laurdag blei arrangert i Laksevåghallen.

Roger Slettstrand fekk bronse i «veteranklassen» + 29 år, Øystein Flint tok gull i mønster og bronse i sparring.

Dei tre yngste deltakaranegår alle i 9. klasse, to av dei tok førsteplass i sparring.

– Synne Brunvoll fekk svart belte før sommaren og deltok i sin første konkurranse på fleire år. Det var òg hennar første konkurranse i svartbelteklassen (yngre junior), likevel gjekk ho heilt til topps!

Frank Sebastian Sperrevik har aldri konkurrert før, men også han har tydelegvis førebudd seg godt, for Frank vann klassen yngre junior rødt belte.

– No er det berre til å trena bra fram til NM, så håper vi å stille med minst like mange deltakarar. Med desse resultata har vi kanskje òg håp om medalje til klubben, seier Sund, som sjølv stilte som dommar i helga.

Les meir om

Sport Kampsport