Sport | 29. okt. 2019

Stine Eide (17) mister landslagssamling

Søndag var ho sakna i kamp mot gamletrenaren, tysdag skulle ho vore del av regional landslagssamling i handball.

Stine Eide (17) mister landslagssamling
Stine Eide var sakna i Os-forsvaret søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. okt. 2019 12:23

Søndag spelte Os bortekamp mot Askøy, som blir leia av tidlegare Os-trenar Gitte Torp.

På papiret såg det ut til å vera duka for eit jamt oppgjer, Askøy med fleire spelte kampar og fleire poeng, men med eitt tap meir enn Os.

Kampen enda med 38-25-siger til Askøy.

Til pause leia vertane heile 21-12.

– Askøy var gode, i tillegg fekk vi fråfall på Stine Eide dagen før kamp, seier Os-trenar Trond Budal.

– Ikkje berre er ho toppskåraren vår, ho er del av ein etterkvart godt etablert trear i midtforsvaret vårt, og utan fleire treningsøkter før kamp klarte vi ikkje å drilla inn ein ny trear.

Budal er nokolunde nøgd med andre omgang, og synest det fungerte greit i angrep i periodar, men starten på kampen blei prega av denne naudsynte omstillinga i forsvar.

Går òg glipp av regional landslagssamling

Stine er vekke grunna eit kutt i handa, som måtte syast. Ho gjekk ikkje berre glipp av kampen mot Askøy, i neste veke skulle ho vore med på regional landslagssamling.

Før helga offentleggjorde NHF region vest uttaket, der Stine er ein av 29 spelarar i 16- og 17-årsalderen.

– Eg er ikkje overraska. Stine har god forståing for spelet, er sterk og stødig i vendingspelet, og er veldig rask, seier Budal om uttaket.

Samlinga går frå klokka 9 til 15 i Haukelandshallen, men Eide er ikkje tilbake på handballbanen før om cirka ti dagar, og må stå over.

– Det blir fleire samlingar før regionlag og seinare aldersbestemt landslag skal takast ut. Eg håper og trur ho får nye sjansar til å visa kva ho er god for.

Neste kamp for Os går borte mot Kjøkkelvik. Neste heimekamp er 16. november mot BSI.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.