Sport | 16. feb. 2020

Stine og Anna skåra 18 mål til saman

Os tok sin tredje siger på rad borte mot Stord.

Stine og Anna skåra 18 mål til saman
Anna (øvst) skåra 8 mål, Stine blei toppskårar med 10. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. feb. 2020 18:36

Stord - Os 25-28 (8-12)
Os: Siri Eide Børtveit - Stine Eide 10 (8+2), Anna Martine Særvold Mjånes 8, Malene Massi Fagerthun 4 (3+1), Sofie Evensen 2, Charlotte Pettersen 2, Mia Jansen Paulsberg 1, Dina Søvik Midthun 1, Elin Moberg Rosland, Ayleen Akyüz Hagen, Amanda Kristin Holthe og Amalie Evensen.

Etter siger over Dale borte og Askøy heime reiste Os-damene i går til Stord.

Amanda Kristin Holthe, som debuterte i førre runde og blei toppskårar saman med Stine Eide (8 mål kvar), måtte stå over grunna skaden ho fekk tidleg i kampen.

– Ho har brist i eit ribbein. I samråd med fysioterapeut så sparte vi ho, vi har ny kamp igjen allereie på torsdag, seier Os-trenar Trond Budal.

Men eit anna tilskot, keeper Siri Eide Børtveit, fekk oppleva å spela mot gamleklubben. Å kjenna motstandaren kan vera ein fordel, men òg ei ulempe, sidan dei kjenner deg. Men Siri klarte seg svært bra.

– Ho hadde ein redningsprosent på heile 50 prosent før pause, og vi sleppte inn berre 8 mål.

Os rekna med at Stord kunne koma til å opna hardt, men dei sto godt imot.

– Jentene jobba knallbra i forsvar. Vi starta med éin strek før vi rundt halvvegs i første omgang la om til tre strekar, fortel Budal.

Frå 19-26 til 25-26

Os hamna under 1-0, men overtok leiinga og heldt den kampen ut, frå 2-5 og 5-10 til 8-12-leiing til pause. På det meste i 2. omgang var Os oppe i 19-26, men så tok Stord igjen til heile 25-26.

– Dei la frimerke på Anna og Malene, noko vi fekk problem med å takla. Vi skåra ingen mål frå 20:02 til 29:29, men jentene tok likevel sigeren i hamn.

Anna fekk ein smell tidleg i kampen, og måtte stå over store delar av første omgang. Ho rakk likevel å skåra 8 mål. Stine Eide blei toppskårar med heile 10 mål.

– Jentene har spelt på seg litt sjølvtillit no, i tillegg byrjar dei å visa at dei har fått erfaring, seier Budal nøgd.

Neste kamp går borte mot BSI torsdag. Så ventar Bjørnar på heimebane laurdag 7. mars.

Os ligg no på 8. plass av 12 lag i avdelinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.