Lokal | 04. okt. 2010

Stinn brakke

Det blei meir enn fullt då kommunen inviterte til folkemøte om OHARA i Osbadet.

Stinn brakke
Andris Hamremandag 04. okt. 2010 19:58

Grunna oppussing på rådhuset blei dagens folkemøte lagt til det store møterommet i Osbadet. Men det blei for lite for dei mange interesserte.

Ei berekning frå midtsiden.no tydar på at det var omlag 200 som møtte opp då kommunen inviterte til informasjonsmøte og diskusjon om OHARA.

Møtet starta med ei orientering frå kommunen sine folk og innleigde konsulentar frå Norconsult og Ødegård Agendus AS før representantar frå velforeningane fekk ordet.

Midtsiden kjem tilbake med ei meir fyldig sak og video frå møtet tysdag.

Men hovudkonklusjonen skal du få her. Kommunen har bedd Norconsult utgreia eit nytt lufterør vest for E39, noko som skulle bety lengre unna tettbygd strøk i Liafjellet.

Velforeninga nøgd
Velforeningane har gått saman i deira kritikk av kommunen si handsaming av informasjonen som har vore gjeve tidlegare i OHARA-saka.

- No er eg nøgd med den viljen kommunen viste i kveld på det å vera open vidare i saka og at dei har kome oss eit steg i møte når dei no vil utgreia ein tredje utslippstad, seier Tor Morten Frey Sivertsen frå velforeningane.

- Eg håper dette er starten på ein betre prosess fram mot endeleg behandling i kommunestyret, seier Sivertsen.

Ordføraren nøgd
Ordførar Terje Søviknes leia møte på vegne av kommunen. Han har ikkje opplevd tilsvarande respons på eit folkemøte sidan seniorbustadane på Lurane var tema.

- Eg håper vi har oppnådd ei forståing for at dette ikkje har vore, eller er, ein lettvint prosess for kommunen, men ein lang og møysommeleg prosess basert på fagleg grunnlag.

- Dess meir faktakunnskap vi har klart å formidla dess mindre synsing og dess betre grunnlag blir det for oss alle å ta beslutningen på, seier Søviknes.

Midtsiden.no kjem tilbake med meir frå møtet tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.