Stipend til Hans Marius
Hans Marius Johnsen (15) stilte på festivaljam i sommar. Fredag skulle han få spele med dei store. Då kom festivalleiinga med ei overrasking.
Då Osøren Blues og Jazzfestival inviterte til haustblues på Peppes med Go'sOs inviterte dei samstundes det unge gitartalentet Hans Marius Johnsen til å vera med.
Han hadde nemleg imponert så mykje under sommarens festivaljam at leiinga ville gje han sjansen til å spela med dei store.
Publikum let seg imponera og hadde vanskar med å tru at gjestegitaristen berre var 15 år gamal.
Overraska på scenen
Etter eit par låtar entra festivalsjef Tore Lekve scenen for å overraska ungguten med eit stipend på 10.000 kroner frå festivalen.
- Eg er heilt overvelda! Eg har spart eit heilt år for å kjøpa meg ny gitar, det hadde eg ikkje trengt då!
- Kanskje eg kan kjøpe ein til? Pengane skal i hvert fall gå til musikkutstyr, fortel ungguten til osoren.no
Johnsen er som mang ein god bluesgitarist for det meiste sjølvlærd. Den eine gitartimen han har hatt blei for kjedeleg og han fann ut at det var mykje meir morosamt å læra seg det på eigenhand.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.