Kultur | 06. juli 2012

Stipend til slalåm og song

Richard Myhre Gåssand og Olav Skogen er tildelt Partas Kulturstipend 2012.

Stipend til slalåm og song
Richard og Olav fekk 10.000 kroner kvar av Partas AS. (Foto: KVB/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. juli 2012 06:54

Rådgjeving- og rekneskapsfirmaet Partas AS i Os har delt ut stipend for 2012.

I fjor gjekk stipendet til fire ulike ungdomar frå Os, i år er det Richard Myhre Gåssand og Olav Skogen som mottar stipendet.

Dei to fekk 10.000 kroner kvar.

Olav Skogen (18) er alpinist og går i andreklasse på toppidrettsgymnaset på Geilo (NTG).

Høgdepunktet frå sesongen 2011/2012 var 7. plassen i senior-NM. Det langsiktige målet er å kjøra verdscup

Richard Myhre Gåssand (19) er låtskrivar og vokalist. Han har blant anna vore med på folkeoperaen Havfest og har som mål å spela inn ein EP før han skal i militæret i august.

– Eg har lagt 21 låtar ut på nett, 4 av dei er mine eigne. Desse er, saman med yttarlegare 50 låtar, spelt inn med Singstar-mikrofon på ein vanleg pc. No vil eg i studio, seier Richard.

I ORBO sitt studio vil han i første omgang spela inn fire eigeskrivne låtar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.