Sport | 20. feb. 2012

Stjernelaget Søre Neset

Åtte ivrige fotballspelarar på Søre Neset sitt lag for funksjonshemma søkjer medspelarar. - Gjerne jenter, seier oppmann Kristine B. Tikkanen.

Stjernelaget Søre Neset
Stjernelaget Søre Neset: Bakerst fra venstre Riku Tikkanen (trenar), Kim Fond Sørensen, Preben Vermedal, Stig Rune Øvreeide, Thy Hong Pham. Midten fra venstre : Aleksi Tikkanen, Bjarte Maurstig, Andreas Bjånesøy. Foran: Reidar Tveit. (foto: privat)
Andris Hamremandag 20. feb. 2012 11:54

Våren 2009 var Tikkanen med å starta fotball-lag for funksjonshemma på Søre Neset. Frå før fanns det tilbod til denne gruppa om handball gjennom Os Turn.

- Vi starta med sju spelarar, og er no 8 spelarar, éin trener og éin oppmann, fortel Tikkanen.

Laget spelar i fotballkretsen sin "Stjerneserie" kor dei møte lag frå andre delar av Hordaland gjennom tre turneringsrunder på våren og tre på hausten.

- Serien er 5'er fotball kor vi spelar to kampar på 2x15 minutt kvar runde.

- Sjølv om vi er åtte spelarar skulle vi gjerne vore fleire, smilar Tikkanen som håpar interesserte vil stikke innom på ei av treningene.

- Vi trenar kvar onsdag på Søre Neset idrettsplass frå klokka 19 til 2030. I tillegg trener vi inne i gymsalen på Søre Neset skule kvar fredag klokka 18 no i vinter, fortel lagleiaren.

Spelarane er i alderen 12 til 46 år, med eit snitt på 23. Førebels er det ingen jenter med, men tilbodet et ope for alle.

Sosialt er viktig

I tillegg til å spela fotball saman møtast dei gjerne til sosiale lag.

- Vi møtast gjerne heime hos ein av oss og èt god mat og spelar Fifa.

- Det er eit fantastisk samhald i laget kor spelarane er gode vener og flinke til å oppmuntre kvarandre, skryt Tikkanen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.