Lokal | 02. jan. 2021

Stjerneskot fylte venterom med røyk

Politi og brannvesen rykte ut til Halhjem fredag kveld.

Stjerneskot fylte venterom med røyk
Røykdykkarar fekk raskt slått fast at det ikkje var folk i rommet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 02. jan. 2021 09:06

Fredag i 20.45-tida kom det melding om branntillaup i venterommet på Halhjem ferjekai.

– Rommet var så tett med røyk at du såg ingenting av det som var der inne, fortel politiet, som var først på staden.

Brannvesenet kom kort tid etter, gjekk inn med røykdykkarar og fekk fort konstatert at det ikkje var folk i rommet eller på toaletten.

– Vi har fått lufta ut, og avsluttar snart på staden, seier Kjersti Lien frå Bjørnafjorden brann og redning litt over klokka 21.

Desse stjerneskota er truleg kjelda til røyken. Politiet søkte etter ungdomar i området etter utrykkinga. (Foto: KVB)
Desse stjerneskota er truleg kjelda til røyken. Politiet søkte etter ungdomar i området etter utrykkinga. (Foto: KVB)

På golvet låg rundt 15 utbrente stjerneskot, som truleg er kjelda til røyken.

Nokre ungdomar skal ha blitt sett løpande frå staden, og ein patrulje køyrde på søk i nærområdet. Det er foreløpig ukjent om søket gav resultat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.