Sto ikkje løpet ut
Os leia då det sto åtte minutt igjen. Så gira super-reservane til førstedivisjonslaget opp.


Os vann 26-18 heime over Flint Tønsberg 2 i haust. I helga starta dei 2026 med tap for same lag.
Flint Tønsberg sitt førstelag toppar tabellen i 1. divisjon. Synne Berg, som har sju kampar for førstelaget, blei toppskårar for andrelaget mot Os med 9 mål.
Men gjestane frå Os såg ei stund ut til å dra sigeren i land.
Os hamna under frå start, men kom seg opp frå 3-8 til 10-11.
Til pause, rett etter at Os hadde brent ein straffe, låg gjestane bak med to, 15-17.
I andre omgang var Os raske med å gå opp i leiinga, det sto 18-17 og 25-24 til dei gule og svarte.
Men åtte minutt før slutt fekk Flint Tønsberg 2 overtaket.
– Vi missa på eit par skot, så blei Emilie utvist. Overgangen til éin mindre løyste vi ikkje raskt nok, seier trenar Kenneth Husebø.
Vertane gjekk opp i 29-26 og vann 33-29.
– Denne kampen kunne vi tatt, men svikta då vi hadde sjansen å rykka frå med eit par mål. På tampen var vi nær å ta innpå igjen, men bomma.
– Eg er nøgd med innsatsen, men ikkje med resultatet. Vi reiste skuffa heim.
Flint Tønsberg 2 - Os 33-29 (17-15)
Siri Eide Børtveit (keeper)
Synne Seilen (keeper)
Patricia Georgescu 7
Elise Thompson Amundsen 7 (5+2)
Maren Evensen 5 (2+3)
Kiana Lovise Ibrahim Pettersson-Aasbø 4
Emilie Hjertnes Halhjem 3
Selma Sümer Mutlu 2
Tiril Arnøy Høyheim (B) 1
Malene Lunde Bystøl
Emilia Giske
Maja Dale Fehn
Nora-Sofie Skåtøy Kvernes
Neste kamp går heime mot Oslo-Studentenes IK søndag.
Borte tapte Os 30-38. OSI ligg på 3. plass, eitt poeng framfor Os med éin kamp mindre spelt.
– Det er dette laget eg ser på som det sterkaste i vår avdeling, så vi får nok ein tøff kamp.
Så ventar Sotra borte og Gneist heime i det som er ein tøff start på året for Os.
– Då får vi òg kjenna på motstand som vi skal slå om vi skal ligga heilt i toppen neste sesong.
– Korleis er status i stallen?
– Pia, som hjelpte oss i haust, har no lagt opp for godt. Vi er veldig takksame for at ho var med oss i starten på sesongen. I februar får vi tilbake fleire frå skadar, det blir kjekt for både laget og for enkeltspelarane som kjem på banen igjen, seier Husebø.





