Politi | 04. apr. 2023

Sto på brua med laser

Ein av bilistane var 1 km/t frå førarkortbeslag - fekk saftig forelegg.

Sto på brua med laser
UP hadde kontroll i 80-sona i går. Ifølgje ein Midtsiden-tipsar sto med med laser på Mobergsbrua. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. apr. 2023 07:15

Fredag hadde utrykningspolitiet fire kontrollar i Os, nokre av dei saman med lokalt politi.

Då tok dei til saman 46 fartssyndarar, men ingen førarkortbeslag.

UP og lokalt politi hadde kontrollar både kvar for seg og saman i går. Her saman på vekta i 22-tida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògTok over 40 fartssyndarar i påskeutfarten gjennom Os

UP held fram med å kontrollera påsketrafikken gjennom Os, sjølv om måndag ikkje er ein typisk utreisedag.

I 11-tida på formiddagen kontrollerte dei trafikken i 80-sona på Halhjemsvegen.

80-sona varer frå Skogafjellstunnelen til parallelt med politistasjonen på Moberg.

Ifølgje ein Midtsiden-tipsar sto dei denne gong med laser på Mobergsbrua og målte trafikken på veg ut av Liafjellstunnelen.

– Det blei skrive ut 15 forenkla forelegg, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Høgaste fart blei målt til 115 km/t i 80-sona.

Det er 1 km/t frå førarkortbeslag, og kvalifiserte til forelegg på 14.500 kroner og tre prikkar på førarkortet.

UP kontrollerte også eit vogntog, der førar er mistenkt for bruk av handhalden mobiltelefon.

– Førar, ein mann i 40-åra, erkjente ikkje forholdet, og er meldt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.