Sto sterkt imot Rælingen 2
«Nytt» forsvarpar på Os sitt damelag hindra skåring i over 11 minutt.
Bildeserie:
Førre helg kom sesongens første siger, i går tok Os imot Rælingen 2. Heimekampen mot same lag førre sesong enda 19-27, Os landa på 10. plass, Rælingen 2 på 5. plass.
– Førstelaget deira er i eliteserien, og mange av spelarane vi møtte i går trener med eliteserielaget. Vi visst det ville bli tøft, og eg er nøgd med måten vi framsto på, seier Os-trenar Gitte Torp.
Os hamna under, men tok igjen gjestane til det sto 5-5. Laga gjekk til pause med, for Os sin del, akseptable 12-14.
– Eg synest heile gjengen jobba fantastisk bra, og at dette var ei tydeleg forbetring frå bortekampane førre helg, som òg var ganske gode.
Ung og sterk forsvarsduo
– Vår nye stopparduo, Anna Martine Særvold Mjånes og Ayleen Akyüz Hagen, held fram med å visa progresjon. To unge jenter som fighta noko enormt mot store, og dyktige skyttarar frå Rælingen. Samla sett sto vi godt i forsvar, og vi hadde ein periode på over 11 minutt utan baklengsmål.
– Vi hadde dessutan veldig mange målskårarar i går, og heile laget kjempa godt kampen gjennom.
Os - Rælingen 24-33 (12-14)
Os (med skåringar): Ann Kristin Een Lyssand, Nora Berge 5, Line Hjelle Berentsen 4, Regine Sten 3, Benedicte Smith Veseth 3, Nora Marie Johnsen 2, Ayleen Akyüz Hagen 2, Anna Martine Særvold Mjånes 1, Bente Mjanger 1, Irmelin Catarina Munch Lund 1, Thiet Dang 1, Emma Sælen Lyssand og Siri Mari Horvei.
Os speler også neste kamp på heimebane. Den går mot Årstad førstkomande søndag.
• Terminliste og tabell (handball.no)
I mellomtida, allereie i kveld, speler herrelaget til Os (3. divisjon) heime mot BSI.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.