Fotball | 06. feb. 2021

– Sto veldig høgt på lista vår

Vegard Strønen Skeie på utlån frå Brann.

– Sto veldig høgt på lista vår
Vegard blir Øygarden-spelar i år. (Foto: Øygarden Fotball)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. feb. 2021 12:36

– Det vart ei svært verdifull tid for meg, og eg trivdest veldig godt i Øygarden med den gjengen som var der. Det var sjølvsagt ekstra kjekt for meg å merka at eg tok nivået i OBOS og at det gjekk så bra som det gjorde. Det er noko eg tar med meg vidare, sa Vegard Strønen Skeie då han i januar var tilbake i trening med Brann.

No er det klart at Vegard skal spela for Øygarden også i 2021.

– Vi er strålande nøgd med å ha Vegard på plass. Denne signeringa sto veldig høgt på lista vår, seier trenar Tommy Knarvik i Øygarden Fotballklubb til klubben si Facebookside.

ØFK takkar òg Brann for eit godt samarbeid rundt overgangen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.