Sport | 11. apr. 2010

Stødig sportsmesse

Med kø rundt halve Grieghallen på opningsdagen går Fritt og Vilt fjorårets messe ein høg gang.

Stødig sportsmesse
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. apr. 2010 13:26

Bildeserie:

1 av 8

Osingen Jan Frode Skeie og resten av MX Sport Bergen Holding skapte i fjor det som har blitt Bergens største messe målt i besøkstal. Messa i år ser ut til å bli endå større.

- Det var kø langs heile veggen og rundt hjørnet då vi opna. Etter ein halvtime var 1000 menneske inne, så då måtte vi stoppa opp og sleppa inn puljevis, fortel Jan Frode Skeie.

Selte 300 syklar på éin dag
Med rundt 60 leverandørar av sportsutstyr som utstillarar har messa eit stort utval, både av varer som enno ikkje har kome i butikkane, og fjorårsmodellar som blir selt til låg pris.

- I fjor selte vi 700 syklar på messa. Fredag selte DBS 300 syklar, og dei er éin av fleire sykkelutstillarar på messa. Det ligg med andre ord an til rekord for feire enkeltutstillarar og for messa totalt sett.

Leik, sirkus og fag
Uteområdet til messa ser ut som eit lite tivoli, med 5-6 hoppeslott og fleire aktivitetstelt.

Men aktivitetstilbodet er ikkje berre meint som underhaldning for rastlause ungar som er med foreldre på messe, det går også an å testa Slakkline, Skikes og Indoboard på plassen.

- Vi har også trappa opp foredragsprogrammet i år, med fleire ekspedisjonsleiarar på plass for å fortelja om turar, turtilbod og korleis du best førebur deg på ekstreme reiser, fortel Skeie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.