Lokal | 10. nov. 2012

Stolen båt funnen - på Ulven

• Stal båt, motor framleis sakna• Kjørte borti og stakk av• På "natthandel" etter ved

Stolen båt funnen - på Ulven
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 10. nov. 2012 09:00

Fredag i 14-tida fekk politiet melding om funn av båt på hengar på ein grusveg mellom Ulven og Åsen.

– På båten var det kablar frå fjernkontroll og ratt som var kappa. Hengar og båt var uregistrert, fortel politibetjent Sindre Hallem.

Ut frå rammenummer på hengar fann politiet eigar, ein mann frå Lysefjorden. Han stadfesta at hengaren var stolen og at det sto påhengsmotor på båten før den blei taua vekk.

Politiet er interessert i tips.

Etterlyser varebil

Klokka 22.20 fredag kveld blei ein bil forbikjørt av ein varebil på Byvegen på Søfteland.

– Varebilen var borti bilen den kjørte forbi, men kjørte berre vidare.

Varebilen er kvit, har grøne skilt og svart eller grå logo eller skrift på sida.

Politiet håper føraren melder seg eller på tips frå publikum.

Skylle fyra - bokstavleg talt

Klokka 01.55 natt til fredag fekk politiet melding om ein gjeng som kom gåande frå Meny i Industrivegen med ei handlevogn full av ved.

Dei skulle kanskje fyra, og fekk gå vidare i fred, for politiet var opptatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.