Lokal | 31. des. 2018

Stolen båt gjekk ned i oselvarhopen

Brannvesenet søker etter eigar.

Stolen båt gjekk ned i oselvarhopen
Måndag formiddag kom det melding om at denne båten lig lågt i Os hamn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. des. 2018 11:20

Bildeserie:

Registreringsnummer er ikkje synleg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Registreringsnummer er ikkje synleg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Brannvesenet ber eigar melda seg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Brannvesenet ber eigar melda seg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Registreringsnummer er ikkje synleg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Brannvesenet ber eigar melda seg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Måndag i 11-tida fekk politiet melding om ein båt som heng i trossene ved ei brygge i Hamnevegen.

Os brannvesen blei sendt ut for å undersøka.

– Det ser heldigvis ikkje ut som om det er noko forureining frå båten. No håper vi at vi får tak i eigar, så vedkomande kan få båten opp så raskt som mogleg, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Båten er ein Bella 621 med Evinrude påhengsmotor (truleg 115 hk). Registreringsnummer er ikkje synleg.

Den heng etter tauverket i småbåthamna ved Oselvarnaustet. Årsaka til forliset er uvisst. Båten er utan synlege skadar og sjøen har vore roleg dei siste dagane.

– No ligg det arbeidsbåtar i sving utanfor hamna. Om båteigar er heldig, at Samba Marin har ledig kapasitet, så kan vedkomande få kortreist hjelp.

Båteigar kan kontakta Os brannvesen på vaktnummer 91568590.

OPPDATERT: Båteigar har kontakta brannvesenet. Han opplyser at han ikkje veit kvifor båten ligg der han ligg, sist han såg den låg han på sin faste plass i Oselvo. Båten er truleg forsøkt stolen, og båteigar er sett i kontakt med politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.