Lokal | 06. mars 2020

Stolen bil funnen etter tips

Unik Filtersystem har henta servicebilen heim til verkstaden - fem dagar etter at den blei stolen.

Stolen bil funnen etter tips
Jarle Grindstein går i dag gjennom bilen som blei funnen i går. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. mars 2020 08:28

Natt til søndag blei to varebilar stolne etter innbrot hos Unik Filtersystem sin verkstad i Landboden i Os sentrum.

Den eine, ein Mercedes, blei funnen parkert på Hjelle same dag. Den andre, ein Volkswagen, blei registrert då den passerte bomringen i Sandviken retning sentrum.

Denne bilen blei òg stolen, men blei funnen på Hjelle same dag. (Foto: KVB)
Denne bilen blei òg stolen, men blei funnen på Hjelle same dag. (Foto: KVB)

Sidan har den vore sakna.

– Den sakna bilen er den nyaste, og den er godt utrusta og fylt med spesialverktøy og delar, sa Andri Håvardsun frå Unik til Midtsiden i går.

Ho har etterlyst bilen i sosiale media og i lokalavisa. Så kom det tips frå Nesttun.

– Vi vil takka Linde Marie for tipset! seier Andri.

Både Unik og politiet rykte ut til eit nabolag på Elveneset, der bilen sto parkert.

Få skadar - få tjuveri

Etter at politioverbetjent Christine Grindstein hadde sikra spor i bilen, kunne ektemann Jarle Grindstein, som er den hos Unik som bruker servicebilen mest, gå gjennom og sjekka status.

– Vi har ikkje full oversikt enno, men eg trur vi kan seia at vi har vore heldige, seier Jarle.

Denne ripa ser foreløpig ut til å vera einaste skade. (Foto: KVB)
Denne ripa ser foreløpig ut til å vera einaste skade. (Foto: KVB)

Nøklane sto ikkje i bilen, men med unntak av nokre små riper nede på eine sida framstår den som uskadd. Ein verktøykasse er stolen, og det var rota i bil og medisinskrin, men også vare av høg verdi ligg igjen.

– Det er spesialverktøy og delar som ville vore vanskeleg å omsetja for ein vanleg mann, men som kostar mykje pengar for oss å kjøpa inn.

– Det verste innbrotet vi har vore utsett for

Dagleg leiar Arne Johnny Boge seier det ikkje er første gong verkstaden deira har vore utsett for innbrot, men at dette er det verste dei har vore utsette for.

– Å mista to firmabilar, og at den eine er vekke fire heile arbeidsdagar, er ganske spesielt.

Tjuvane tok seg inn ved å bryta opp ei dør i porten. I staden for å trykka på ein knapp og heva porten, brukte dei ein elektrisk truck, som dei måtte lada, og pressa porten opp.

Så stal dei nøklar til to av firmabilane. Den eine sto inne på verkstaden, den andre sto ute.

– Det sto ein hengar på bilen som var ute. Dei har tydelegvis ikkje køyrd mykje med hengar sjølv, for kontakten klarte dei ikkje å snu 90 gradar så dei fekk den laus, den klipte dei av, fortel Boge.

No er han glad for å ha begge bilane tilbake på verkstaden, og for at den siste bilen blei funnen i nokolunde grei stand.

Kva spor politiet har å gå etter, er foreløpig ukjent.

Tjuvane tok seg inn via døra i denne porten og brukte ein truck til å heva porten og få Mercedesen ut. (Foto: KVB)
Tjuvane tok seg inn via døra i denne porten og brukte ein truck til å heva porten og få Mercedesen ut. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.