Stolt av standup-debutanten

– Hysterisk morosamt av Helgesen!

Jan Helge, Herman og Irene var blant dei som fekk med seg premieren og debuten til Thomas laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. okt. 2017 16:46

Bildeserie:

Det er berre skryt å høyra av publikum etter premieren. (Foto. KVB)
Thomas har selt to fulle hus (2 x ca 500) til «2MeterTulling». (Foto: KVB)
Frisk start og fin flyt. (Foto. KVB)
Varde på dugnad: Er det håp om DVD-sal? (Foto. KVB)
Det er berre skryt å høyra av publikum etter premieren. (Foto. KVB)
Thomas har selt to fulle hus (2 x ca 500) til «2MeterTulling». (Foto: KVB)
1 av 4
Thomas har selt to fulle hus (2 x ca 500) til «2MeterTulling». (Foto: KVB)
Frisk start og fin flyt. (Foto. KVB)
Varde på dugnad: Er det håp om DVD-sal? (Foto. KVB)
Det er berre skryt å høyra av publikum etter premieren. (Foto. KVB)

Laurdag debuterte den morosame revyskodespelaren Thomas Helgesen frå Os med premiere på showet «2MeterTulling» for fullsett sal i Oseana.

Berre to gongar før har han gjort standup (sjå video frå 2016 og 2017), men «2MeterTulling» i går er hans første heilaftans-show.

– Nett no er han nok veldig spent, sa Jan Helge Corneliussen til Midtsiden før showet starta.

Helgesen har testa manuset sitt og brukt revykollegaen frå «Nor og ne» til sparringspartnar før showet.

– Thomas er generelt litt engsteleg, og har vore nervøs før premieren. Det er spennande om folk vil le, og om han hugsar alt. Han er veldig nøye, fortel Jan Helge.

Rundt 500 publikummarar strøymde på, fleire av dei var i festleg lag.

– Eg har sett Nor og ne-revyane og gler meg veldig! Dette fiksar han heilt sikkert fint! seier nabo og gjest Irene Wathne Kvernes.

Ingen klassens klovn

Saman med Corneliussen sto Herman Hagevik. Hagevik var lærar for Helgesen på 80-talet.

– Han var tidleg flink å skriva, og det er kjekt at så mange kan ha glede av det i dag, han er jo fantastisk morosam, synest Herman.

– Merka du noko til humortalentet, òg?

– Nei, ikkje på negativ måte. Han hadde godt humør, men var ikkje nokon klassens klovn, slik eg hugsar han.

Respons frå første stund

Då Helgesen har nok ei framsyning av showet 10. november, også dette utseld, vil vi ikkje avsløra noko særleg av innhaldet.

Men om du mistenker at komikaren nemner Øyane, Privatmegleren, lokalavisene og Hamnesjefen, så blir du ikkje skuffa.

Innleiingsvis fekk han heile salen med på sine krumspring om svangerskap - og på dei ulike måtane han skildra forskjellen på «tulling» og «idiot».

– Eg har jo høyrd manus før, og er normalt ikkje ein som ler så voldsomt, men eg måtte likevel ta meg i å gapskratta fleire gongar, seier Corneliussen.

– Alt gjekk fint, han gløymde ikkje noko og overgangane var gode. Folk lo samanhengande gjennom heile showet. Thomas var både letta og glad etterpå og eg er rett og slett stolt av han!

Midtsiden har ikkje lykkast i å få tak i Thomas etter showet, men har snakka med ein del svært nøgd publikum.

– Eg har ikkje sett revyane før, men dette var ei veldig positiv oppleving. Det var ikkje ein einaste keisam augneblink i løpet av den knappe 1,5 timen han heldt på, seier ein av dei, Jarl Aspaker (også han nabo av hovudpersonen).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.