Lokal | 28. nov. 2012

Stolte peparkakebakarar

Onsdag strauma barnehagebarn til Os sentrum for å levera sine bidrag til peparkakeutstilling. - I dag har fire barnehagar vore og levert, smiler Geir Amundsen.

Stolte peparkakebakarar
Stolte born frå Kuvågen beundrar meisterverka sine i vindauge på Os (privat foto)
Andris Hamreonsdag 28. nov. 2012 15:06

Sentrumsleiaren har hatt ein god dag på jobben onsdag med oppgåve å ta imot dei mange byggverka frå barnehagar i Os.

- Heile ni barnehagar bidreg til ei kanonflott utstilling i vindauga på Osøyro.

- Eg er mektig imponert, smilar Geir Amundsen.

Veldig stolte

Ein av barnehagane som har vore i sentrum onsdag er Kuvågen barnehage.

- Vi er veldig glade for at det blei peparkakeby i Os i år. Det var mange stolte ungar som var med å leverte resultata av to veker med bygging, fortel dagleg leiar Marielle Aanes Møgster.

Bygd heile barnehage

Kuvågen har bygd hovudbygget med fem avdelingar, Kråkebollen (som er den sjette avdelinga i barnehagen som ligg i eit eige bygg), Grillhytta, Lavo med bål og sultne ungar, diverse leikeapparatar og mange born og vaksne.

Dei forskjellege avdelingane har hatt ansvaret for kvar sine områder. Førskuleklubben har hatt ansvaret for hovudbygnaden, medan dei andre avdelingane har bidrege på resten.

- Kråkebollen har til og med fått med detaljar som born som blir spylt reine etter leik i jord og sand, smilar Aanes Møgster.

I skikkeleg julestemning

I to veker har det dufta peparkake i barnehagen sidan dei fekk 10 kilo peparkakedeig frå Meny.

- Vi byrjer å kome i skikkeleg julestemning no.

- Medan vi har pynta med melis, lakris, nonstop og seigmenn har vi høyrd på julemusikk.

- Ein og anna seigmann har nok hamna i barnemunn òg, smilar den daglege leiaren.

Mykje god læring

Aanes Møgster er oppteken av at det ikkje berre har vore kos med peparkakebakinga, men også mykje god læring.

- Vi har lært om jul og tradisjonar, samarbeid og ikkje minst fått mykje finmotorisk trening.

- Etter så mykje jobb er det kjekt å sjå gleden og meistringsfølelsen barna får når dei ser sitt eige verk utstilt i vindauga på Os.

- No gler dei seg stort til å ta med mamma, pappa eller besteforeldra for å visa dei fram, avsluttar Marielle Aanes Møgster med eit smil.

Planlegg du å byggje ditt eige peparkakehus kan det vera ein god idé å ta ein titt på SINTEF Byggforsk sine retningsliner og tips.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.