Politi | 19. juni 2021

Stopp på E39 etter ulykke på Halhjemsvegen

Stopp på E39 etter ulykke på Haugland.

Stopp på E39 etter ulykke på Halhjemsvegen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. juni 2021 11:38

To bilar var involvert i ei trafikkulykke på E39 Halhjemsvegen i 12.30-tida i dag.

– Ingen er fastklemt, men det er nokre materielle skader og lekkasje frå minst eitt av køyretøya, opplyser 110 Vest via Twitter.

  • Har du informasjon eller bilde? tips@midtsiden.no

Ifølgje politiet var det heller ingen alvorleg personskade.

Vegen blei stengt etter ulykka.

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det i 13.40-tida framleis kø på staden.

OPPDATERT: 14.00

– Det var tre personar i dei to bilane. Ein av dei er tatt til legevakt for sjekk, dei to andre er undersøkt av helsevesen på staden, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik til Midtsiden.

– Sist eg fekk oppdatering var 13.30, då starta politiet manuell dirigering på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.