Lokal | 08. feb. 2021

Stoppa to bilførarar med dårleg sikt

Ein av dei mista førarkortet.

Stoppa to bilførarar med dårleg sikt
To bilførarar blei straffa for dårleg sikt. Dette er eit illustrasjonsbilde, og ikkje ruta til ein av dei som blei stoppa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. feb. 2021 09:04

Politiet har i helga stoppa to bilførarar som ikkje hadde skrapa rutene sine godt nok.

Den eine er ein mann i midten av 30-åra. Han blei stoppa i Os sentrum i 05-tida natt til søndag, og fekk eit forenkla forelegg på 2.750 kroner.

Han andre kom køyrande på Hegglandsdalsvegen i 01.30-tida natt til søndag.

– Vedkomande, ein ung mann på rundt 20 år, hadde svært dårleg sikt, og han hadde køyrd eit godt stykke, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilen hadde defekt varmeapparat, så det fraus på innsida av rutene.

– Det blei tatt beslag i førarkortet, og vi har oppretta sak.

Rusa passasjer sendt i retur

Natt til laurdag, i 01-tida, blei ein passasjer på ferja frå Stord kontrollert i det han skulle i land på Halhjem.

– Han framsto som rusa, og han blei ransaka. Patruljen fann ikkje noko stoff på mannen, men dei fann noko i nærleiken, som vi mistenker at han slengte frå seg då han såg oss.

– Vedkomande erkjente ikkje noko, men vi har tatt beslag og oppretta sak.

Han fekk pålegg om å halda seg vekke frå Os, og blei sendt med ferje heim til Stord igjen.

Køyrde frå staden etter uhell i sentrum

Laurdag i 15.30-tida fekk politiet melding om eit mindre trafikkuhell i Os sentrum.

– Meldar var ein av dei involverte. Den andre bilen skal ha køyrd frå staden etter samanstøyten.

Ingen personar var skadd, og dei involverte fekk etterkvart kontakt med kvarandre, og ordna saka seg imellom.

Vist vekk frå Ådnadalen

Klokka 04.45 natt til søndag kom patruljen over to bilar med ungdomar i, som sto på parkeringsplassen til lageret i Ådnadalen.

– Her har vi ofte unge bilførarar som samlast, med meldingar om burning og sladding. Vi observerte ikkje noko uehldig åtferd, men huseigar ønskjer heller ikkje uvedkomande på plassen, så vi noterte personalia og gav dei pålegg om å fjerna seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.