Bergen tingrett (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Stoppa i marihuana-rus - fekk køyra vidare

… men då analyseresultatet kom måtte han møta i retten.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ein mann i slutten av 20-åra blei stoppa av politiet i 21-tida fredag 6. oktober.

Politiet let, under tvil, vera å ta beslag i førarkortet. Dette blei gjort seinare, då analyseresultat kom.

Blodprøve tatt nesten 1,5 time seinare viste innhald av THC (cannabis) i blodet tilsvarande ein alkoholkonsentrasjon på 1,2 promille.

Det blei funne 8,8 gram marihuana i bilen han køyrde. Ein månad seinare blei det funne 0,8 gram marihuana hos mannen, som er i slutten av 20-åra.

Dømt til fengsel og bot

Sikta møtte i retten og erkjente straffeskyld for både bruk, oppbevaring og køyring i rus. Han samtykka i avgjerd ved tilståelsesdom.

Mannen er tidlegare domfelt i 2008 for ruspåverka køyring, men dette blei ikkje lagt vekt på i straffeutmålinga.

Køyring i rus tilsvarande over 1 promille blir normalt straffa med fengsel utan vilkår og tap av førarretten i to år.

Sikta blei dømt til 39 dagar fengsel, 21 av dei blei gjort på vilkår. Han blei dømt til å betala 15.000 kroner i bot og til tap av førarretten i to år.