Stoppa pirattaxi
Ein mann er mistenkt for å kjøra pirat etter at han i natt blei stoppa med passasjerar i bilen.


- For ein månad sidan kontakta vi politiet og dei siste vekene har vi systematisk notert registreringsnummeret på bilane vi ser blir brukt til piratdrosje. Omfanget er urovekkande stort, sa Kjell Ole Sperrevik frå Os Taxi til Midtsiden.no i oktober.
Piratkjøring har ifølgje Os Taxi vore eit stort problem den siste tida. Natt til sundag stoppa politiet det dei trur er ein av syndarane.
- Ein bil blei stoppa i 5-tida og føraren er mistenkt for å kjøra pirattaxi. Det var passasjerar i bilen då den blei stoppa, seier operasjonsleiar Konrad Grindeland i Hordaland politidistrikt.
Politiet skal ikkje ha blitt tipsa om piratkjøring før dei stoppa bilen, men har nok hatt augene opne for dette etter at dei lovlydige konkurrentane fekk fokus på saka tidlegare i haust.
Historisk?
Dersom mistenkte er skuldig kan han truleg skriva seg inn i Ossoga som Os´ første pirattaxisjåfør.