I 1630-tida onsdag ettermiddag stoppa politiet ein stole bil på Halhjemsvegen ved Haugland. Bilen hadde retning Halhjems-ferga.
Bilen skulle ha blitt stolen på Danskebåten og blei stoppa på Halhjemsvegen ettar at eigaren hadde spora den ved hjelp av GPS.
I følgje BA.no blei bilen stolen på ei anna ferge, nemleg den som går til Danmark frå Bergen.
– Vi fekk dei første meldingane om at bilen var stolen ombord i Danskebåten klokka 16.16, fortel operasjonsleiar Magnussen til BA.
BA har snakka med eigaren av bilen og selskapet som hadde drive service på MF Stavangerfjord då bilen blei stolen.
Likevel ikkje stolen
I følge BT.no dreiar det heile seg om ei misforståing.
I avhør har det nemleg kome fram at det var Bergen Havneservice som hadde tatt bilen, som sto med nøklane i.
– Dei skulle henta to biler og tok med seg feil bil, fortel eigaren av bilen til BT.