Lokal | 17. feb. 2020

Stoppa ungdomsgjeng som hadde møtast for å slåst

Gutar og menn frå 16 til 25 år var i kamp då patruljen kom til staden.

Stoppa ungdomsgjeng som hadde møtast for å slåst
Politiet stoppa slåstkamp på Moberg natt til søndag. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. feb. 2020 08:57

Natt til søndag fekk politiet tips frå vitne til noko som såg ut som avtalt slåstkamp mellom fleire unge menn på Moberg/Kuvågen.

– Meldar såg to gjengar gå bevisst mot kvarandre, og fekk inntrykk av at det var ei aggressiv stemning mellom fleire partar, fortel politioverbetjent Atle Birkeland til Midtsiden.

Meldinga kom klokka 01.39, politiet var på staden 10 minutt seinare.

– Då var det pågåande slåsting mellom nokre av dei. Slåstkampen blei stoppa, og vi tok avhøyr av 5-6 aktive partar.

Dei involverte er frå 16 til 25 år. Alle skal vera frå Os. Ein av dei yngste blei lettare skadd og blei følgt den korte vegen bort til legevakt for sjekk.

– Vi vil takka meldar, som var observant. Dette kunne gått verre om ikkje vi hadde blitt varsla, seier Birkeland.

Alle partane blei dimittert etter å ha gjeve forklaring. Dei skal ha innrømt å ha møtast for å slåst, men politiet veit foreløpig ikkje bakgrunnen for konflikten.

– Vi vil følgja opp saka i dagane som kjem, så får vi sjå om nokon blir meldt.

Promillekontroll og brann i askebeger

Natt til laurdag hadde politiet trafikkontroll på Røykenes.

Alle 26 kontrollerte var edru, men ein av dei fekk gebyr for ikkje å ha med seg førarkortet.

I 21.30-tida fredag fekk politi og brannvesen melding om brann i utandørs askebeger ved Nav-kontoret på Os. Det var ingen opne flammar då dei kom fram, men noko røyk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.