Lokal | 22. aug. 2012

Stoppa utanlandske seljarar

Ein trailer sto fast i Lysefjorden og sju utlendingar gjekk på dørene i Kuvågen for å selja maleri.

Stoppa utanlandske seljarar
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. aug. 2012 09:28

Tysdag fekk politiet fleire meldingar om utlendingar som gjekk på dørene til folk i Kuvågen for å marknadsføra ei heimeside.

– Det var ei gruppe på sju personar. Vi sjekka id-papira deira og gav dei melding om at viss dei dreiv aggressiv marknadsføring så ville dei bli bortvist, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiet fekk også melding om trailer som sto fast i Søvikåsen på Ole Bulls veg.

Der har tyngre kjøretøy ikkje lov å kjøra, men igjen er det tydeligvis sjåførar som ser meir på ein villeiande GPS enn på skilt og kart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.