Lokal | 08. juni 2017

Stor auke i sosialhjelp

Dyr tannbehandling er største enkelt årsaken til den kraftige auka i sosialhjelpsutbetalingane frå kommunen i 1. kvartal.

Stor auke i sosialhjelp
Rådmann Christian F. Fotland og kommunalsjef Nils-Petter Borge rapporterer om stor auke i sosialhjelputbetalingane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 08. juni 2017 07:50

– Vi har ved utgangen av april brukt 5,1 millionar kroner l økonomisk sosialhjelp – 55 % av årets budsjett. Dette er ei auke på 1,3 millionar frå samme tid i 2016. Dette, saman med ei auke i talet på brukarar i 2017, gjer at det ligg an til eit meirforbruk likt som i 2016, skriv rådmann Christian F. Fotland i 1. tertialrapporten til politikarane.

NAV Sosial hadde eit meirforbruk på 5,7 millionar kroner i 2016, men blei "berga" av integreringstilskotet til flykningar, då flyktningetenesta ligg i same eining.

44 nye mottakarar

Kommunalsjef Nils-Petter Borge orienterte i formannskapet denne veka litt om bakgrunnen til den store auka i sosialhjelpsutbetalingane.

– Vi ser at Os byrjar å nærme seg det som er vanlig i kommunar vi samanliknar oss med. Totalt har vi 290 sosialhjelpsmottakarar, det er 44 nye hittil i år. Hovudvekten er mellom 25-44 år. 83 av dei har forsørgeransvar, 105 lever med trygdeytelse som hovudinntekt. Det betyr at ein i perioder har behov for supplerande sosialhjelp.

– Den største einskilde hendelsen som går att er utgifter til tannbehandling, forklarte Borge.

Trass auka i sosialhjelpsutbetaling går eininga samla sett i balanse takka vere integreringstilskot for flyktningar.

Har auka frå 80 til 400 000 kroner

Laila Reiertsen (Frp) undra om kor mange barn som var omfatta av utbetalingane.

– Du seier 83 av dei som får utbetalingar har forsørgeransvar. Det er sikkert mange fleire barn i dette. Kor mange barn er det? Er det både barnetrygd og kontantstøtte, undra Reiertsen.

– Ein av tinga som har gjort at dei auker er ordninga med dekking av foreldrebetaling i barnehagar til foreldre med låg inntekt. Det gjer at fleire får dei rettigheitane dei har hatt heile tida. Vi ser at desse utbetalingane har auka frå 80 000 til 400 000 kroner, svara Borge.

13 av 24 ut i arbeid

Fleire av dei som mottek sosialhjelp får dette mot at ei aktivitetsplikt.

– Eit av tiltaka vi nytter er aktivitetsplikt. Hittil i år har vi hatt 24 deltakarar. 13 av dei har kome ut i fast arbeid eller arbeidsrelatert verksemd.

– Det er gledeleg å høyre at aktivitetsplikten ser ut til å fungere. Er det rett å seie at auka som har vore i arbeidslausa er den same gruppa menneskjer som treng sosialhjelp i dag, undra Marie Bruarøy (H).

– Det er ikkje spesielle grupper som søkjer sosialhjelp. Det er ein generell trend. I høve arbeidsløysa så ligg det ein viss forseinking i dette. Ein går på arbeidsledighetspenger i ett år før ein går over i eventuelt andre ytelser, men det har nok sitt å seie, svara Borge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.