Lokal | 12. apr. 2019

Stor grasbrannfare i heile Hordaland

– No er det knusktørt fortel brannsjef Stein Gjøsund - i går rykka brannvesenet ut til grasbrann på Lepsøy.

Stor grasbrannfare i heile Hordaland
Det er no stor grasbrannfare i heile Hordaland. Brannvesenet oppmodar alle om å ta ei god riskovurdering før dei tenner bål og grillar i naturen. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 12. apr. 2019 08:06

– Utfordringa er årsgammalt gras som grunna den varme sommaren i fjor, framleis er knusktørt, seier Gjøsund. Fram til nytt gras får veksa opp, er situasjonen at det er stor grasbrannfare i heile fylket.

Gjøsund fortel at dei i 16-tida i går fekk melding om eit svartsvidd område på Lepsøy.

Meldaren, ein ung mann, var uroa over om det ville kunna blussa opp att og spre seg.

– Vi rykte ut, og fann eit stykke på om lag 12 kvadratmeter som var heilt svartsvidd. Omådet vart dynka godt ned med vatn før vi forlot staden.

Gjøsund kjenner ikkje til orsaka til brannen, men politioverbetjent Anne Lyssand opplyser at det er oppretta sak.

Ta ei risikovurdering og meld i frå til oss

Gjøsund minnar òg på at det generelle bålforbodet trer i kraft 15. april. Dette gjeld fram til 15. september.

I 2016 vart reglane endra noko; du sjølv kan vurdera om det er trygt å tenna bål eller ikkje. Samstundes vart bålforbodet utvida til å ikkje berre gjelda i og rundt skogsmark, men til å gjelda all utmark.

– Her vil eg på sterkaste oppmoda publikum til å ta seg tid til ei risikovurdering før dei tenner opp grillen eller eit bål, seier Gjøsund. Seinast i går hadde eg ein mann på telefonen som lurte på å tenna bål i skogen saman med borna. Etter ei risikovurdering saman, fann han ut at turen skulle gå utan bålbrenning.

Brannsjefen har òg eit tips til dei som skal driva med hus, hytte og hage i påsken;

- Ikkje slepp vegetasjonen heilt opp til hus- eller hytteveggen. Har du ei «branngate» mellom vegetasjonen og bygningen, kan dette vera avgjerande i ein situasjon med brann i terrenget.

Brannsjefen fortel at Ole Bull Museum Lysøen har rydda slik rundt heile villaen. I tillegg har dei lagt inn vasspreiarar i bakken. Om det skulle oppstå ein brann i vegetasjonen på øya, vil systemet byrja å fukta vegtasjonen rundt bygget.

– Har du tenkt å driva med bålbrenning eller brenning av gammalt gras; ta ei god risikovurdering først - og hugs å melda i frå til oss.

– Publikum i Os er flinke til å melda i frå om røykutvikling, og då er det jo greitt om vi allereie veit kvifor, avluttar Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.