Sport | 30. okt. 2020

Stor juniorgruppe får trening av tidenes beste norske biljardspelar

Klubben har gått frå 0 til 35 juniorar på to år. No er landslagstrenaren på besøk.

Stor juniorgruppe får trening av tidenes beste norske biljardspelar
Nesten halve juniorgruppa møtte opp for å trena med tidlegare europameister Vegar Kristiansen (t.h.). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. okt. 2020 08:52

Med 5 EM-gull og over 50 NM-titlar er Vegar Kristiansen frå Trondheim den beste norske biljardspelaren gjennom tidene. Våren 2019 la han opp, no er han tilsett som trenar for juniorlandslaget.

Os Biljard & Snookerklubb blei stifta i 1984 og er landets eldste klubb.

I starten på 2019 starta dei ei junioravdeling, og no har dei vakse frå null til 35 juniorar på under to år.

– Vi trener kvar måndag, og er gjerne 15-20 på trening. Nokre av dei ivrigaste er òg med på interne turneringer måndagen, eller saman med sniorane annakvar torsdag, fortel formann Bernt Olav Lundetræ.

Han takkar KUP-midlar frå kommunen for suksessen med rekrutteringa. Med pengestøtte har dei kunna stilla med både låg medlemskontingent og gratis spel heile veka for dei yngste medlemmane.

Vil instruera og inspirera

Klubben har kanskje landets største juniorgruppe om dagen, og det har Norges Biljardforbund fått med seg.

– Det skulle berre mangla at forbundet følgjer opp det positive som skjer på Os, og det er naturleg for dei å senda meg, som er junioransvarleg, for å bidra, seier Vegar Kristiansen.

Han kom til klubblokalet for å møta juniorane torsdag ettermiddag, i dag blir det meir sosialt, med foreldre invitert.

– Dei som trur vi skal spela og øva mykje i kveld blir skuffa. Vi skal øva litt, men i hovudsak skal dei få høyra ein trønder som pratar på innpust og utpust.

– Eg vil visa dei litt av kva dei kan få til om dei trener, eg kan ikkje læra dei alt på éin kveld. Men alle som er her i dag går ut døra som betre biljardspelarar i kveld.

Jan Helge Kordts, Rune Bergsvåg, Tor Espen Skoglund og Bernt Olav Lundetræ tok i går imot Vegar Kristiansen. (Foto: KVB)
Jan Helge Kordts, Rune Bergsvåg, Tor Espen Skoglund og Bernt Olav Lundetræ tok i går imot Vegar Kristiansen. (Foto: KVB)

– Det startar med eit ønskje om å bli betre

Vegar snubla borti biljard mens han spelte bowling.

– Det blei sett opp nokre biljardbord i hallen, og det var ein flink fyr som leia klubben. Han sa at han kunne læra meg opp viss eg ville bli god.

Halvanna år seinare var han noregsmeister i juniorklassen.

Kristiansen er tydeleg på at det viktigaste er å ha det gøy.

– Men du kan spela i årevis utan å bli betre. Det er først når du byrjar å trena at du får skikkeleg framgang. Og då blir det endå meir gøy å spela biljard! lover han.

– Så no er målet å laga konkurranseutøvarar avden store juniorgruppa i Os?

– Eg håper eg gir alle inspirasjon til å bli betre, og så håper eg at det blir ei gruppe som ønskjer å delta i konkurransar. Ved sidan av det å vinna, er det å reisa saman med venar frå klubben det finaste med å konkurrera.

– Då eg var ung og reiste på NM i Oslo, så var det alltid ein gjeng i bil, ikkje fly. Då blei turen lengre og meir sosial. Sånne turar skaper minne for livet!

Juniorane: – Ein plass du har lyst å vera i timesvis

Nesten halvparten av dei 35 juniorane i klubben utgjorde torsdag kveld den ivrige gruppa som fekk med seg instruksjon som held europeisk toppnivå.

Ungdomane har ulik inngang til biljardsporten.

– Eg prøvde biljard på eit hotell då vi var på ferie. Eg syntest det var gøy, og pappa spelte litt frå før, så då tok han meg med, fortel Tiril Havsgård Skoglund (11).

– Eg driv med freestyledans utanom, men det er noko eige å vera her på salongen. Det er avslappande og godt miljø, og med gode varer i kiosken kan vi vera her i timesvis.

Tiril har fått nye venar etter at ho byrja å spela biljard, som Amira Dale Bergstø (13).

– Eg har tante, onkel og fetrar som speler biljard. Eg liker det godt, og ønskjer å bli betre, så eg kan matcha slektningane mine.

Amira og Tiril har blitt gode venar etter at dei byrja å spela biljard. (Foto: KVB)
Amira og Tiril har blitt gode venar etter at dei byrja å spela biljard. (Foto: KVB)

Blant gutane møtte vi Kevin Bahus, Sander Seilen, Mathias F. Søfteland og Sander Lundetræ. Nokre av dei har foreldre som har intridusert dei for sporten, andre har ein annan inngang.

– Det var litt krangling på skulen, så sendte rektor nokre av oss på noko sosialt for å skapa eit betre miljø. Vi hamna her, og eg likte meg godt, fortel Mathias og ler.

– No gler vi oss til å læra nye triks av europameisteren!

F.v.: Kevin, Sander S., Mathias og Sander L. (Foto: KVB)
F.v.: Kevin, Sander S., Mathias og Sander L. (Foto: KVB)

Stolte tradisjonar - fantastiske fasilitetar

Os Biljard og Snookerklubb har fostra fleire noregsmeistrar i både biljard og snooker.

I 2009 var det 25-årsjubileum, i 2015 flytta dei til Ulvenparken og no har dei eit aktivt idrettsmiljø som blant anna arrangerer noregscup og tar fleire NM-medaljar i snooker og biljard.

Les òg: NM-bronse til Mona Bergstø i comebacket

Fasilitetane er òg i noregstoppen, etter flytting i Ulvenparken i vinter sto dei med 8 snookerbord og 6 biljardbord. No er bord nummer 7 på plass og bord nummer 8 blir i haust montert.

Klubben har no faste opningstider òg for drop-in speling, både for medlemmar og andre, seks kveldar i veka.

– Det er eit par andre klubbar som har mange bord, men ingen andre som har 8 biljard + 8 snooker. No ligg alt til rette for vidare vekst, seier Bernt Olav.

Os Biljard & Snookerklubb tel i dag 99 betalande medlemmar.

Vegar (t.h) saman med styreformann og lokale juniorinstruktørar. (Foto: KVB)
Vegar (t.h) saman med styreformann og lokale juniorinstruktørar. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.