Lokal | 22. okt. 2018

Stor oppslutnad om TV-aksjonen

250 trassa vêret og gjekk som bøsseberar i Os.

Stor oppslutnad om TV-aksjonen
Vått, men kjekt. (F.v.) Johanne Rotvik, Viktor Rotvik, Matilde Rotvik, Bjørn Sæther og Elias Rotvik Tunestveit kunne fortelja at dei vart bydd på bollar i eit av husa dei besøkte. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 22. okt. 2018 07:29

Bildeserie:

Aksjonskomitéen og gode medhjelparar. (Foto: KOG)
Aksjonskomitéen og gode medhjelparar. (Foto: KOG)
Varaordførar Marie Lunde Bruarøy tok ei økt for årets TV-aksjon. (Foto: KOG)
Varaordførar Marie Lunde Bruarøy tok ei økt for årets TV-aksjon. (Foto: KOG)
Konfirmanter som gjer noko for andre. Thea Eikeland og Isak Emil Jensen Nebb saman med diakon Ingrid Vik. (Foto: KOG)
Konfirmanter som gjer noko for andre. Thea Eikeland og Isak Emil Jensen Nebb saman med diakon Ingrid Vik. (Foto: KOG)
1 av 3
Aksjonskomitéen og gode medhjelparar. (Foto: KOG)
Varaordførar Marie Lunde Bruarøy tok ei økt for årets TV-aksjon. (Foto: KOG)
Konfirmanter som gjer noko for andre. Thea Eikeland og Isak Emil Jensen Nebb saman med diakon Ingrid Vik. (Foto: KOG)

– Eg er utruleg godt nøgd med dagen i dag, fortel aksjonsleiar i Os, Tove Hille.

– Då vi starta klokka 15.00 var det berre 12 bøsseberarar som mangla for at vi skulle klara å dekkja alle husstandar og vegar i Os.

Hille fortel at dei hadde 171 bøsser ute, men at veldig mange tok det som ein tur med familie og vener, slik at det faktiske talet bøsseberarar nok ligg nærare 250 personar.

På spørsmål om vêret har hatt noko å seia på innsatsen, svarar Hille at det virkar som at folk berre har vorte enno meir innbitt på å gjennomføra.

– Folk kjem inn med bøssene smilande og glade, sjølv om dei er søkkande våte, fortel Hille.

Ein møtestad

Os kyrkjelyd har teke del i TV-aksjonen i fleire år, og i år var ikkje noko unntak.

Årets TV-aksjon gjekk til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for å skapa fleire møtestadar, og i dag var Kyrkjetunet ein møtestad.

I tillegg til å stilla med lokale til innlevering av bøsser, driv dei gratiskafè for alle som har vore bøsseberar.

Diakon i Os kyrkjelyd, Ingrid Vik fortel at her speler ei gruppe konfirmanatar ei viktig rolle;

– Som ein del av konfirmantopplæringa kan undomen velja å vera med på prosjektet «Saman for andre», fortel Vik.

– Her får ungdomane vera med på ulike prosjekt kor dei er med og førebur og gjennomfører prosjekt som skal hjelpa andre. TV-aksjonen er haustens hovudprosjekt, fortel Vik.

– Nokre av ungdomane har sytt for bakst eller vaffelrøre heimefrå, andre har vore med og rigga lokala på førehand, eller dei er med og driv kafeen her i dag.

Tala for Os

Måndag morgon var det samla inn 785.813 kroner i Os. Dette gjer at Os kjem på 30. plass i Hordaland av totalt 33 kommunar.

Os kjem på 363. plass av totalt 423 kommunar i Noreg, fordelt på inbyggjarar.

I snitt gav kvar osing 38,20 kroner kvar. Dette er 7,04 kroner lågare enn landsgjennomsnittet som ligg på 45,24 kroner.

Største enkeltdonasjon i Os var Grieg Foundation med 100.000 kroner, følgd av Os kommune (20.000,-) og Betonggulv AS og Fløysand Tak AS med 3000,- kvar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.