Lokal | 04. okt. 2018

Stor øving i Os laurdag

Hundar, helikopter, fly og bakkemannskap skal i sving frå morgon til tidleg kveld. (Oppdatert)

Stor øving i Os laurdag
Røde Kors, politi, redningshundar og helikopter skal i sving i Os laurdag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. okt. 2018 09:08

OPPDATERT: Øvinga er avlyst/utsett grunna leiteaksjon i Bergen vest.

Laurdag 6. oktober skal det gjennomførast ei øving på søk i Os. Øvinga startar klokka 6 om morgonen og varer til klokka 18.

Så sant ingen reelle hendingar oppstår vil følgjande organisasjonar delta i øvinga:

• Politiet
• Røde Kors Hjelpekorps
• Norsk Folkehjelp Sanitet
• Norske Redningshunder
• Norsk Aero Klubb
• CHC helikopter
• Redningsselskapet

– Dei frivillige organisasjonane er bærebjelken i redningstenesta i Noreg, og samfunnet er avhengig av desse når menneske er sakna eller ikkje finn fram på eiga hand, seier Atle Vågstøl i Os Røde Kors.

– For at organisasjonane skal bli betre er det viktig at vi øver, og at vi øver saman med andre organisasjonar. Øvinga laurdag vil fokusera på samhandling mellom dei ulike aktørane.

Øvinga blir styrt frå Os Røde Kors sine lokale i Kolskogheiane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.