Lokal | 28. jan. 2019

Stor øving på Søfteland i kveld

Os Røde Kors er vertskap når fleire av dei ulike hjelpekorpsa i Hordaland skal øva på leit- og søk.

Stor øving på Søfteland i kveld
Mellom klokka 18 og 21 i kveld held Os Røde Kors ei stor øving på Søfteland. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmåndag 28. jan. 2019 09:42

Operativ leiar i Os Røde Kors, Frank Baggen, fortel at mellom klokka 18 og 21 vil det vera mykje uniformert personell og køyretøy på Søfteland.

– Scenarioet vi skal øva på, er born som er forsvunne. Det er mogleg politiet vil ta del i øvinga òg.

– Vi har vore så heldige å få med oss Nøtteliten barnehage på øvinga. Dei let oss nytta barnehagen, og dette er med å gjera det heile endå meir realistisk for deltakarane.

Baggen fortel at informasjon allereie er delt ut til innnbyggarane på Søfteland, og han ber om forståing for at søkemannskapa i tillegg til å leita langs vegar og i skogen, vil leita i hagar og rundt hus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.