Stor velkomstfest for skulebussen
Den amerikanske bussen som skal innlemmast i Er-An Veikro hadde i dag ankomst med brask og bram.

Bildeserie:
I førre veke fortale Linda Andersen om spennande planar for Er-An Veikro, trinn for trinn i fire steg.
Les òg: Sånn skal Er-An Veikro utvidast
I dag kom den importerte amerikanske skulebussen til Bergen, og då blei det innleigd buss til by’n for snorklipping, omvising og konsert i det som skal bli restaurantlokale – følgt opp med retur til Røykenes for vidare velkomstfest på Er-An Veikro.
Midtsiden var med på turen, sjå videoreportasje i ruta over.
– Os Amcarklubb kjem dessutan på fest i etermiddag, men vi har ikkje tatt bordreservasjonar for vi vil ha ope hus i heile kveld.
– I morgon tidleg er bussen vekke, då skal han rett i Hegglandsdalen for innreiing, seier Linda, om det som i løpet av vinteren skal bli ein innlemma del av restauranten på Røykenes.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.