Lokal | 15. des. 2013

Store bølgjer i Os hamn

Søndag er ikkje dagen for ein kveldstur på gjestebrygga.

Store bølgjer i Os hamn
Kaien utanfor Peppes søndag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. des. 2013 20:33

Etter ein forblåst og regnfull laurdag har det vore opphaldsvêr, sol og litt kald vintervind i Os i dag.

Men søndag kveld auka vinden i styrke, det bles liten kuling frå sør og bølgjene herjar no med Os hamn.

Sjøen er på veg ned, det er ein liten time sidan det var full flo, likevel pressar bølgjene seg opp gjennom borda på gjestebrygga.

Ute ved Peppes er det ikkje betre, der fossar sjøen opp over benkar og bord.

Vinden er venta å løya frå 1-tida i natt, men også i morgon er det meldt liten kuling frå sør frå klokka 7 til 9.

Sjå vêrmelding for Osøyro.

Det er full flo klokka 09.16 måndag.

Sjekk vannstand i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.