To store påhengsmotorar stolne i Strøno

Politiet patruljerte i fleire båthamner i natt.

To påhengsmotorar blei stolne frå ei hamn i Forstrønesundet. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. okt. 2019 09:52

Fredag fekk politiet melding om tjuveri av to store påhengsmotorar.

– Ein 100 hk og ein 150 hk, begge Yamaha, er meldt stolen, opplyser vakthavande ved Os lensmannskontor.

Begge er tatt frå ei hamn i Forstrønesundet.

Fleire tjuveri av store motorar

Også i slutten av september blei ein 150 hk påhengsmotor av merket Yamaha stolen. Den gong i Særvollsvika.

Ein 150 hk som blei stolen i Strøno i januar i fjor, blei forsøkt selt på Finn.no.

I natt patruljerte politiet i fleire av båthamnene i Os.

– Vi vil oppmoda folk å sjå til båtane sine, sikra lause verdigjenstandar og gjerne installera forebyggande tiltak som lys og kamera, seier politiet.

Promillekontroll på Ulven

Politiet fortel om ei roleg natt til laurdag.

– I 5-tida laurdag morgon hadde vi promillekontroll på Ulvenvegen. 30 bilistar blei kontrollerte, og alle var edrue.

Torsdag kveld fekk politiet melding om mc på bakhjulet, utan lys, i Gymnasvegen. Dette var klokka 19.20. Politiet hadde ikkje ledig mannskap til å rykka ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.