Store planar
NÆRINGSNYTT VEKE 48: Store planar blir realiserte, og andre blir justerte. Her er status på nokre prosjekt i Bjørnafjorden.


Velkomen til nyheitsbrevet vårt, Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du også vil vere blant dei hundrevis som får nyheitsbreva våre rett i eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på desse her.
Før vi summerer opp siste utvikling for store prosjekt under planlegging, må vi innom eit stort prosjekt som først blei realisert, men som no må avvikle.
Stenger på nyåret
Då InterPadel opna med 13 banar i Os i 2022, var det landet sitt største padelsenter. Sjølv om senteret i utgangspunktet ønskte å få til reduksjon i leigeareal, blir drifta i staden avvikla frå midten av januar.
– Det er trist for både tilsette og dei som speler hos oss, men vi finn dessverre inga annan løysing, seier administrerande direktør i kjeda, Martin Ydstebø.
På veg – langs sjøen
Nokre prosjekt har kome eitt steg lengre på veg mot mål.
Øinæs grunneigarlag har vedtatt å endre vedtektene sine, slik at det no er mogeleg å selje eigedomen Bunnpris Vedholmen Landhandel står på.
Verken pris eller sal er avgjort, men standpunktet opnar opp for å halde fram arbeidet for nytt butikkbygg i Øyane.
Ved Hatvik ferjekai har Vestland fylkeskommune fått løyve til å gjere anleggsarbeid i sjøen, og fylle ut med 8.000 kubikkmeter stein.
Ombygginga skal mellom anna etablere gangfelt, for å betre tilkomsten for mjuke trafikantar.
Arbeidet for å bygge sjønært hotell i Os sentrum tok som kjent eit viktig steg vidare då Plan-, bygg- og miljøutvalet vedtok å legge detaljreguleringsplanen ut på offentleg høyring i oktober.
Planavdelinga i kommunen har no hatt «open kontordag» i biblioteket på Os, så naboar og andre interesserte kunne ta kontakt.
– Det er ingen som har klappa, men mange har kome med gode innspel, sa plankonsulent Aina Tjosås frå Abo Plan og Arkitektur.
Gjenopna og straks nyopna
Medan fleire prosjekt jobbar vidare mot realisering, har andre nådd viktige milepålar.
Extra på Amfi Os gjenopna førre veke, etter tre månadar med ombygging.
Burger King har i starten av denne veka gjennomført testkøyring for spesielt utvalde testsmakarar.
Om du ikkje var blant dei heldige, treng du ikkje vente lenge. I morgon opnar Brugar King for alle, anten ta med deg take-away, eller du vil sitte ned.
– Vi skulle gjerne hatt plass til endå fleire sete, men er takksame for arealet AMFI Os kunne tilby oss. Eg trur vi kom opp i 58 sete, seier prosjektleiar Stian Chan.
Store planar blir realiserte, andre blir justerte – Næringsnytt er tilbake med ny oppdatering neste veke.
På gjenles,
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist











