Storfangst i Etne
I fjor fekk han ein på 12,7 kilo, også i år starta Ove Lyssand med storfangst i Etneelva. (Retta versjon)


Om rettinga: Vi skreiv først at Ove tok første laksen i Etneelva i år. Det er feil, den første blei tatt cirka klokka 00.10. Det som er rett er at Lyssand har fiska den største til no.
I fjor fekk Ove Lyssand ein laks på 12,7 kilo opningsnatta. I år fekk han også ein sværing tidleg i årets sesong i Etneelva.
- Vi fiska berre i rundt ein time etter midnatt, det blei så veldig mørkt i hola vi står i, seier Ove til midtsiden.no.
Dei står på same plass som i fjor, Ove og faren Oddvar. I sekstida i dag tidleg var dei på plass igjen.
- Etter rundt eit kvarter så sa eg til pappa: "No skal du sjå". Så tok eg gulp på kroken, det same som den store beit på i fjor.
På andre kast beit ein laks på 9,3 kilo på.
- Det blei ikkje mykje kamp. Vi kjørte den hardt inn i hola, og den sumte omtrent rett i håven.
To timar seinare fekk også Oddvar laks.
- Han fekk ein på 6,1 kilo klokka 8.30. No er vi på veg ned igjen for å fiska, seier Ove i 19.30-tida måndag.